Einfrid Perstølen var ein norsk lege, spesialist i psykiatri og barnepsykiatri, assisterande overlege ved Oslo helseråds avdeling for barne- og ungdomspsykiatri frå 1961 til 1972, deretter privatpraktiserande. Ho var ein mykje brukt radiokommentator.
Perstølen var engasjert i målsaka. Ho var styremedlem Noregs Mållag i perioden 1966 til 1971, og utnemnt til æresmedlem i 1992. I perioden 1976–1984 var ho medlem av Språkrådet.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.