I åra etter møtet i Kvitsøy var det fred mellom det nordafjelske birkebeinarriket og det sønnafjelske baglarriket, og Filippus Simonsson rådde over sin riksdel med full kongeleg styringsmakt både i innan- og utanrikssaker. Bǫglunga sǫgur formidlar inntrykket av eit stabilt og velorganisert regime. Det forvaltningsmessige sentrum, med skrivarar og rådgivarar kring kongen, låg i Oslo, og heile tida var det tett kontakt mellom Filippus og morbroren Nikolaus på Oslo bispestol.
Filippus hadde diplomatisk samband med utanlandske makter, mellom anna med den engelske kongen, i form av brevskifte, sendeferder og gåveutveksling. Fleire jordegåver vart i desse åra donerte frå kongen til klosterinstitusjonar i og ved Oslo. Det eldste norske kongebrevet som er bevart i original, er frå Filippus til mossedølane (udatert), der kongen stadfester lagmannens orskurd i ei tvistesak om jordleige. Brevet er rettshistorisk interessant, som trinn i ei utvikling mot faktisk domsfunksjon for kongelege lagmenn.
Med dronning Kristin hadde Filippus eitt barn, som berre levde nokre dagar. Kongen viste fram barnet i live, då dette hadde betydning for hans eventuelle arvekrav etter dronninga i Sverige. Etter at birkebeinarkongen Inge Bårdsson døydde våren 1217, og Håkon 4. Håkonsson vart teken til konge av gulatingsmennene i Bergen, sende Filippus brev til Skule Bårdsson jarl med krav om styringsmakt i halve Noreg. Håkons saga seier uttrykkeleg at kong Håkon ikkje var nemnd i brevet, og antydar ein konspirasjon kring tronskiftet mellom Skule og Filippus. Skule jarl, som alt hadde inngått ein førebels riksdelingsavtale med den nye kongen, svara tilbake at Filippus skulle sitje med sin riksdel i tolv månader, og at endeleg avgjerd skulle bli teken sommaren etter. Men før brevet nådde fram, var Filippus død, og sommaren 1218 gav baglarhøvdingane opp flokksnamnet og svor truskap til kong Håkon og Skule jarl.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.