Fiskaren var ei avis for kystnæringane. Avisa blei grunnlagd i 1923 og kom ut i Bergen. I 2008 blei Fiskaren slått saman med Fiskeribladet til Fiskeribladet Fiskaren, som endra namn til Fiskeribladet i 2017.
Fiskaren

Historie

Fiskaren blei etablert i Bergen i 1923 for å arbeide for dei sosiale og økonomiske kåra for fiskarane.
I 1927 blei avisa gjort til organ for den nyetablerte fagorganisasjonen Noregs Fiskarlag. Sildesalslaget overtok som hovudaksjonær i 1936, etter at Fiskarlaget gjennom redaktør Harald Wigum i nokre år hadde vore det, og ordninga med kollektivt abonnement for medlemmer av Sildesalslaget gav avisa verdifull økonomisk støtte. I mange år var det også tradisjon for at direktøren i Sildesalslaget fungerte som styreformann i avisa. Sildesalslaget henta særleg medlemmer frå vestlandskysten, og det var lagsaktiviteten mellom fiskarane frå denne delen av landet avisa rapporterte mest ifrå.
Redaktøren og forretningsføraren var lenge åleine om avisarbeidet. Fyrst i 1968 blei det i tillegg tilsett ein redaksjonssekretær, og same år tok avisa til å kome ut to gonger i veka. Trass i dei nære banda til sentrale fagorganisasjonar, har redaktørane lagt vekt på å markere sjølvstende og avvise partipolitiske bindingar. Til dømes heldt avisa seg nøytral under EF-kampen i 1972, medan det frå redaksjonelt hald kom eit tydeleg nei-standpunkt i 1994, trass i at Fiskarlaget og Sildesalslaget då var for EU-medlemskap.
Grunna tyngdepunktet på Vestlandet voks det i andre landsdelar fram behov for alternative avisrøyster. Fiskarlaget gav frå 1945 eit par år ut medlemsbladet Mea. Fiskeriavisa Skagerak kom året etter på Sørlandet, og straks etter kom Fiskeribladet ut nordpå, støtta av det mektige Råfisklaget. Fiskaren heldt likevel ei solid stilling og hadde god økonomi.
Framover mot 1990-talet kom driftsgrunnlaget til Fiskaren til å endre seg, i takt med modernisering innanfor fiskerinæringa og ein tydeleg reduksjon i lesarkrinsen. Sildesalslaget oppløyste dessutan den kollektive abonnementsordninga. I 1990-åra kom fleire med på eigarsida, og avisa blei heileigd av fiskarane sine organisasjonar, no også av viktige sørnorske representantar, noko som gav avisa breiare geografisk oppslutning. Redaksjonen voks stadig, og frå 1997 har det kome ut tre nummer i veka.
Med aukande utfordringar frå fleire hald valde Fiskaren i 2008 å fusjonere med Fiskeribladet, som tradisjonelt har hatt mange lesarar i Nord-Noreg. Den nyfusjonerte, riksdekkjande avisa har redaksjonskontor i Bergen og Harstad.
Opplag
Opplagstall for Fiskaren, 1991-2007
tidspunkt | |
---|---|
1991 | 10990 |
1992 | 9763 |
1993 | 9594 |
1994 | 9463 |
1995 | 8412 |
1996 | 8804 |
1997 | 9635 |
1998 | 9602 |
1999 | 9726 |
2000 | 9174 |
2001 | 9674 |
2002 | 9927 |
2003 | 9273 |
2004 | 9010 |
2005 | 9002 |
2006 | 8852 |
2007 | 8455 |
- 10 990 (1990)
- 9608 (1998)
- 8455 (2007)
Fakta
- Fyrste nr. 23.4.1923
- Fyrste redaktør Carl Sund.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.