Freddy de Ruiter er adjunkt og tidlegare stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Aust-Agder i 2005-2017.
Freddy de Ruiter
Faktaboks
- Fødd
- 4. april 1969, Arendal, Agder

Bakgrunn
Freddy de Ruiter er fødd i Arendal i Aust-Agder (no Agder). Han gjekk på Arendal gymnas i 1985–1988, tok 1. avdeling juss ved Universitetet i Oslo i 1991, historie grunnfag ved Høgskolen i Agder (no Universitetet i Agder) i 1996, mellomfag ved Universitetet i Bergen i 1997, statsvitskap mellomfag ved Universitetet i Oslo i 1998–1999 og praktisk-pedagogisk utdanning ved Høgskolen i Agder i 2000–2001.
Han arbeidde som prosjektleiar og kulturarbeidar (1994–1996), samt sivilarbeidar (1996–1997), ved Arendal Internasjonale Kultursenter. Han arbeidde som lærar ved Blakstad videregående skole (1998–1999) og som adjunkt ved Åmli vidaregåande skule (1999–2005).
Politisk karriere
De Ruiter var medlem av landsstyret i AUF i 1990–1998 og var leiar av Aust-Agder AUF i 1991–1994. I 1993–1996 og 1997–1998 arbeidde han som fylkessekretær i Aust-Agder AUF. Han var samstundes medlem av styret i Aust-Agder Arbeidarparti (1991–1994) og var seinare leiar av Arendal Arbeidarparti i 2004–2006.
De Ruiter var representant i Arendal bystyre (1991–1995), der han var nestleiar i hovudutvalet for kultur i Arendal. Han var deretter medlem av Aust-Agder fylkesting (1995–2007), der han var nestleiar i komiteen for helse- og sosialsaker i Aust-Agder og leiar av fylkestingskomiteen i Aust-Agder frå 2003.
Han var vararepresentant på Stortinget frå Aust-Agder frå 1993 til 2001 og fekk fast plass som stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Aust-Agder frå 2005 til 2017. De Ruiter var i løpet av tida på Stortinget medlem av kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen (2005-2009), transport- og kommunikasjonskomiteen (2009-2013), valkomiteen (2009-2017) og helse- og omsorgskomiteen (2013-2017) på Stortinget. Han ville senke toppleiarlønningane i Noreg, skape fleire arbeidsplassar og fordele goda betre ved å gi meir pengar til viktige velferdsoppgåver.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.