Gaupne er ein tettstad i Luster kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,5 km², og har 1282 innbyggjarar (2023).
Gaupne er administrasjonssenter i Luster kommune.
Gaupne ligg ved botnen av Gaupnefjorden. Her finst verkstadsindustri, konfeksjons- og sementvareindustri og dessutan grafisk industri. Her ligg òg Statkrafts hovudadministrasjon for region Midt-Noreg. Like ovanfor tettstaden ligg Leirdøla kraftverk (100 MW). Fylkesveg 55 går gjennom bygda.
Gaupne sokn omfattar området omkring botnen av Gaupnefjorden og den nedre delen av Jostedalen. Gaupne kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1907, arkitekt var Hans Jacob Sparre. Gaupne gamle kyrkje i tettstaden er ei langkyrkje i tre frå 1640-åra med renessanseinteriør og portal frå ei eldre stavkyrkje. Kyrkja er eigd av Fortidsminneforeningen.
Lustrabadet frå 2012 er eit badeland. I Parken blir det arrangert konsertar og sommarfestar. Bygda har òg idrettshall.
Namnet kjem av norrønt gaupn, 'hol hand, neve'. Det har samanheng med plasseringa mellom høge fjell.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.