Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Høydalsmo er ei bygd i Tokke kommune i Telemark, i den nordaustre delen av kommunen. Tettgrenda Ofte ved E134 ligg sentralt, elles er Smørkleppgrendi mot vest og Kvålsgrend i øst.

Høydalsmo utgjer den nordre delen av tidlegare Lårdal kommune, som i 1964 vart samanslått med Mo til Tokke kommune. Bygda var tidlegare eige sokn, i dag ein del av Høydalsmo og Lårdal sokn. Høydalsmo kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1747. Ei stavkyrkje frå 1200-talet blei rive i 1785.

Kart

Høydalsmo
Høydalsmo
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg