Halvor Floden var ein norsk forfattar og lærer, og var ein av dei ypparste barneskildrarane i norsk litteratur. Han skreiv ei rekkje bøker for barn og ungdom, nokre av desse er omsette til fleire språk.
Floden gav også ut eit par diktsamlingar og romanane Einstaka (1912), Vi har bruk for deg (1937) og Kjartan i Steinåsen (1949). Skodespela Staalboraren (1921), Gamlehagen (1931) og Gjenta frå landsvegen (1939) vart oppført på Det Norske Teatret. Han skreiv også høyrespel.
Han vaks opp i Trysil, og var frå 1905 lærar i Hernes i Elverum. Han fekk kunstnarlønn frå 1950. I perioden 1930–1956 var han formann i Norsk Bokmannslag.
Halvor Flodens barndomsminne i boka Ein fjellgard (1968) gjev eit nært og detaljert bilete av liv og naturalhushalding på Kvannbekksetra i Østre Trysil i siste del av 1800-talet. Ei anna posthum utgiving, Om folk og hendingar (2019), samlar 19 avisartiklar frå 1956 som Floden sjølv kalla overskotsmateriale fra memoarboka.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.