Henrik Krohn var ein norsk forfattar. Han vart leiar for målreisinga på Vestlandet, gav eit par år ut vekebladet Ferdamannen, stifta i 1868 Vestmannalaget og redigerte tidsskriftet til laget Fraa By og Bygd i åra 1870–74.
Forutan nokre reiseskildringar gav han ut eit par episke bøker, eit lystspel og ei samling Smaakvæde (1867). Det mest verdifulle i den diktinga hans er dei lyriske dikta, som inneheld fin naturpoesi. Skrifter av H. K. vart gitt ut i 1909, med forord (biografi) av Kristofer Janson.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.