Jakob er eit mannsnamn som har omdiskutert tyding. I Det gamle testamentet er namnet forklart som ‘halde i hælen’, men det er mogleg at namnet i staden tyder ‘må Gud verne’.
Jakob (mannsnamn)
Kjende personar med namnet Jakob
Eit utval personar med namnet Jakob, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Jakob 1. (av England) (1566–1625)
- Jakob 2. (av England) (1633–1701)
- Philipp Jakob Spener (1635–1705)
- Jakob Sporrenberg (1902–1952)
- Jakob Sande (1906–1967)
- Jakob Weidemann (1923–2001)
- Jakob Margido Esp (1943–2023)
- Jakob Oftebro (1986)
- Jakob Ingebrigtsen (2000)
- Jakob (Jesu bror)
- Jakob (stamfar)
- Jakob den eldre
Namnestatistikk
I 2022 var det 7 078 menn i Noreg som hadde Jakob som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 298 gutar som fekk namnet Jakob, og det var det sjette mest populære gutenamnet dette året.
Utvikling i bruk av namnet
Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Jakob og Jacob slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Jakob og Jacob er blant dei bibelske namna som var ein del brukte tidleg på 1800-talet og som fekk eit nytt oppsving rundt år 2000. Andre døme på bibelske namn med liknande kurveprofil er Andreas, Daniel, Elias, Gabriel, Johannes, Jonas og Samuel. Populariteten for slike bibelske namn kan sjåast i samanheng med det internasjonale oppsvinget for desse namna dei siste åra. Nokre av dei har også ein internasjonal stavemåte som Philip, Jacob, Joachim, Lucas, Marcus og Michael.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Jakob var mest brukt i Rogaland. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Jacob.)
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.