Då sandvolleyball for første gong var på OL-programmet i 1996, var Mol med som trenar for sambuaren og den seinare ektefellen Merita Berntsen og Ragni Hestad. Det norske paret enda på niandeplass.
Seinare har Mol fleire gongar vore trenar for norske lag i OL. Han har og vore landslagstrenar innandørs, og han har vore sportssjef i Norges volleyballforbund.
Sidan 2015 har Mol vore hovudtrenar på heiltid for den norske satsingsgruppa Beachvolley Vikings, der sonen Anders Mol og Christian Sørum er rangerte som det beste sandvolleyballparet i verda. Med Mol som trenar vann dei verdsseriefinalen i 2018 og 2021. Dei vart europameistrar i 2018, 2019, 2020 og 2021.
I 2021 var Kåre Mol hovudtrenar då Anders Mol og Christian Sørum tok OL-gull i Tokyo.
Framfor 2022-sesongen valde Mol å trappe ned som trenar. Han gjekk då over i ein rolle som mentor for Beachvolley Vikings, men kom seinare tilbake som hovudtrenar. Hausten 2024 trekte han seg som trenar for dei norske verdsstjernene.
Trenarforeininga i Det internasjonale volleyballforbundet (FIVB) kåra i 2019 Mol til verdas beste trenar for det føregåande året. Han fekk og pris som trenaren i verda med størst framgang for laget sitt. Det europeiske volleyballforbundet (CEV) kåra dessutan Mol til årets trenar i 2019, 2021 og 2022.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.