Knut Vaage er ein norsk komponist og utøvar av improvisasjons- og samtidsmusikk. Han er særleg oppteken av møte mellom konservative former og moderne estetikk.
Vaage er utdanna pianist og komponist ved Bergen Musikkonservatorium i 1985 til 1990 og har sidan vore busett i Bergen.
Sentralt i verksemda hans står utforskinga av grenselandet mellom fri improvisasjon og komposisjon. Resultat av denne utforskinga finn vi blant anna presentert på plata JKL: 8.–10. desember (1998) med trioen JKL (Jørgen Træen, Knut Vaage og Lars-Erik ter Jung).
Ein annan viktig del av arbeidet er dei partiturbaserte komposisjonane, som utgjer storparten av produksjonen hans. Mange av komposisjonane tek utgangspunkt i ulike motsetnader mellom konservative former og meir radikale uttrykk. Det dialogiske er eit sentralt verkemiddel i Vaage sitt arbeid. I Orkesterdialogar blir det ein del av form og instrumentasjon. I multiMORF-serien avspeglar dialogen tilhøvet mellom akustisk lyd og elektronikk. I Relieff og Rite er dialog grunnlag for tilhøvet mellom solist og orkester.
Mellom viktige partiturbaserte verk er Movements (1996/98) for sinfonietta, operaen Nokon kjem til å komme (2000), basert på Jon Fosse sitt skodespel med same namn, Hokkaidos hagar (2004) for piano og orkester og Tjat (2005) for orkester. Vaage har òg tonesett tekstar av Erling Indreeide, Hanne Bramness, Ove Røsbak og Ragnvald Vaage.
Vaage har vore leiar for Ny Musikk Bergen, Autunnale (1994–1997) og Avgarde (2006–2008).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.