Korshavn er ein strandstad i Lyngdal kommune i Agder. Korshavn ligg på vestsida av Revøy og nokre mindre øyar like utanfor. Staden har 111 innbyggjarar når ein inkluderer Revøya (2017).
Faktaboks
- Også kjend som
-
Korshamn, Krosshamn
Krosshamn hadde tidlegare Noregs sørlegaste fiskemottak, men no er det sumarturisme med båtliv, dykking og havfiske som pregar staden. Det finst blant anna rorbuer til utleige. Staden ligg ved enden av fylkesveg 4080 som fører frå tettstaden Skomrag, like sør for kommunesenteret Lyngdal. Krosshamn kapell er frå 1906.
Namnet er truleg etter ein kross som har vore sett opp som seglmerke eller vern.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.