Kvam er ein tettstad i Nord-Fron kommune i Innlandet. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,3 km², og har 753 innbyggjarar (2023).
Kvam sokn omfattar, forutan tettstaden Kvam og hovuddalføret i nordvestre del av kommunen, fjelltraktene på begge sider, særleg i nordaust.
I Kvam låg ein av Norske Skogindustriers sponplatefabrikkar. Staden har hatt tradisjonsrik klebersteinindustri med mølle og talkumproduksjon.
Den gamle Kvam kyrkje, bygd i 1775, brann ned under kampane våren 1940. Ei ny kyrkje vart gjenreist i 1952. Vest for jernbanelina står eit minnesmerke over George Sinclair, som feilaktig vart teken for å vere leiar for skottetoget som drog gjennom dalen i 1612.
Kampane i Kvam var av dei hardaste under krigen i Noreg i 1940. 24. april kom britiske troppar over frå Åndalsnes og etablerte stillingar i bygda for å stanse tysk framrykking oppover dalen. Kampane gjekk føre seg i to døgn før tyskarane, med flystøtte, braut igjennom. Nær hundre britiske soldatar fall. Ved kyrkja er det ein minnelund over falne britiske soldatar. Gudbrandsdal Krigsminnesamling vart opna i 1995.
I juni 2011 tok flaum og jordskred med seg veg og hus fleire stader i og ovanfor Kvam sentrum.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.