Lars Berg var lærar og forfattar. Berg tok initiativ til skipinga av Hålogaland Teater, og han var aktiv i mål- og ungdomsrørsla.
Lars Berg var fødd på Kvaløya i Hillesøy i Troms. Han fekk utdanning ved folkehøgskulen Solhov i Lyngen i 1918 og ved Tromsø lærarskule i 1919–1922. Han var lærar i Bø i Vesterålen i 1922–1923, dernest i Ørsta i 1923–1924 og i Hillesøy i heile ti år fram til 1934. Deretter var han forfattar på heiltid i hovudstaden i seks år, fram til 1940. Berg var lærar i Tromsøysund frå dette året, og der heldt han fram som skulestyrar etter krigen og til 1967.
I byrjinga av 1930-åra var Berg varaordførar (representerte Arbeidarpartiet) i Hillesøy kommune. Under andre verdskrigen vart han motstandsmann, og han vart arrestert i 1942. Etter kvart kom han til Grini, der han sat fengsla fram til freden i 1945.
Berg var med på å stifte ungdomslaget Soleia og var ei tid formann. Hålogaland lærarmållag og Noregs lærarmållag vart stifta 1932 og 1934, med Berg som formann begge stader. I 1947 var han aktiv under Måltinget i Troms med «Framlegg til skriftform i nynorsk for Troms fylke». Han arbeidde for utvikling av nordnorske utdannings- og kulturtilbod.
Berg debuterte med romanen Men det var det ingen som visste i 1934, og han skreiv i alt 12 romanar, fleire noveller, mellom anna i Arbeidermagasinet, og nokre skodespel. Ei diktsamling og ei novellesamling kom posthumt i 2001. Berg skreiv eit lettfatteleg språk og tok utgangspunkt i nordnorsk røyndom. Han retta søkjelyset mot tabuområde som seksualitet og undertrykkande sosialisering. Andre verdskrigen sette ein mellombels stoppar for Bergs forfattargjerning. Han dreiv sidan vekselbruk mellom skule og skriving.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.