Larsnes er ein tettstad i Sande kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,6 km², og har 648 innbyggjarar (2023).
Larsnes er administrasjonssenter i Sande kommune, ved Fv.61 på sørvestre del av Gurskøya.
Larsnes har mykje industri, særleg verkstadsindustri (Larsnes Mek Verksted AS), fisketilverking og sementvareindustri; kalksteinsbrot og kalkverk tre km sør for tettstaden.
Larsnes har bilferjesamband til dei ytre øyane i Sande (ferjestadene Bringsinghaug og Voksa) og Åram på fastlandet i Vanylven.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.