Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Faktaboks

Administrasjonssenter
Larsnes
Fylke
Møre og Romsdal
Innbyggjartal
2 438 (2024)
Landareal
90 km²
Høgaste fjell
Sollia (660 moh.)
Innbyggjarnamn
sandeværing, sandssokning
Målform
nynorsk

Kommunevåpen

Kart: Sande kommune i Møre og Romsdal
Sande kommune i Møre og Romsdal fylke.
Kart: Sande kommune i Møre og Romsdal
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Sande Sunnmøre mot Åramsundet og øyane utanfor
Sande, frå Drageskaret vestover mot Åramsundet og Kvamsøya, Voksa, Riste og Sandsøya. Stadlandet i bakgrunnen.
Sande Sunnmøre mot Åramsundet og øyane utanfor
Lisens: CC BY SA 3.0

Sande er ein kommuneSunnmøre i Møre og Romsdal fylke. Kommunen omfattar den sørvestlege delen av Gurskøya og øyane utanfor, dei største er Sandsøya (12 kvadratkilometer), som kommunen har namn etter, og Kvamsøya (7,5 kvadratkilometer).

Sande blei oppretta 1867 ved deling av Herøy. Seinare blei eit par område førte tilbake til Herøy (1873 og 1889). Frå Sande blei Rovde skilt ut som eigen kommune i 1905, og Sande utgjorde etter dette 118 kvadratkilometer og hadde 2298 innbyggjarar. I 1964 fekk Sande to utvidingar på Gurskøya, Skredestranda frå Rovde og Gurskedalen frå Herøy. Dei noverande grensene fekk Sande i 2002 då fastlandsdelen av kommunen, Åram krins på halvøya mellom Vanylvsfjorden og Syvdefjorden, blei overført til Vanylven.

Kommunen grensar til Herøy på Gurskøya i nordaust. Elles går grensa i Herøyfjorden i nord, i Haugsfjorden, Hallefjorden og Rovdefjorden i sør og i Vanylvsgapet i vest.

Natur

Berggrunnen er av prekambrisk alder, men med vesentleg kaledonsk påverknad. Han består i hovudsak av gneis, men har store innslag av krystallinsk kalkstein (marmor), som har vore gjenstand for kommersiell drift i meir enn 100 år. På Kvamsøya finst der noko gabbro. Landskapet består av forholdsvis bratte, men låge fjell, stadvis med lågare land ut mot kysten (strandflate). Høgast når fjella på Gurskøya (Sollia 661 meter over havet) Høgast på dei mindre øyane er Rinden på Sandsøya (369 meter over havet).

Busetjing

Folketal

tidspunkt
1951 2859
1952 2820
1953 2823
1954 2826
1955 2817
1956 3014
1957 3031
1958 3020
1959 3068
1960 3079
1961 2908
1962 2902
1963 2868
1964 3465
1965 3471
1966 3511
1967 3518
1968 3518
1969 3548
1970 3494
1971 3462
1972 3474
1973 3469
1974 3481
1975 3562
1976 3548
1977 3530
1978 3530
1979 3503
1980 3522
1981 3478
1982 3481
1983 3487
1984 3481
1985 3433
1986 3415
1987 3437
1988 3389
1989 3371
1990 3337
1991 3301
1992 3293
1993 3267
1994 3249
1995 3199
1996 3190
1997 3136
1998 3108
1999 3092
2000 3081
2001 3038
2002 2633
2003 2599
2004 2605
2005 2576
2006 2539
2007 2526
2008 2502
2009 2541
2010 2518
2011 2625
2012 2588
2013 2628
2014 2636
2015 2635
2016 2559
2017 2540
2018 2522
2019 2493
2020 2461
2021 2445
2022 2422
2023 2442
2024 2438
Kilde: Statistisk sentralbyrå

Busetnaden ligg i dei lågare områda ut mot kysten. Storparten av innbyggjarane bur på Gurskøya. I tillegg bur det ein del på småøyane, dei fleste på Sandsøya og Kvamsøya. Administrasjonssenteret Larsnes ligg på sørvestsida av Gurskøy.

Folketalet heldt seg ganske stabilt frå krigen og fram til omkring 1990, då det byrja å vise tilbakegang. Etter hundreårsskiftet har folketalet igjen vore stabilt, til dels med ein viss vekst. I tiårsperioden 2005–2015 steig folketalet med gjennomsnittleg 0,2 prosent årleg, mot 1,0 prosent på Sunnmøre samla sett og 0,8 prosent i Møre og Romsdal.

Ifylgje definisjonen til Statistisk sentralbyrå er det tre tettstader i Sande. Tettstadene er til saman 1,3 km², og omfattar 1 % av arealet i kommunen.

Tettstad Innbyggjarar Andel* Areal
Larsnes 648 27 % 0,6 km²
Haugsbygda 299 12 % 0,3 km²
Gjerde 224 9 % 0,3 km²
Sum 1 171 48 % 1,3 km²

* Andelen av innbyggjarane i Sande kommune som bur i tettstaden.

Kart over Sande kommune
Kart over Sande kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Sande

Sande i Møre og Romsdal. Frå Hakallestranda ved Vanylvsfjorden, mot Stadlandet. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.

Av arbeidsplassane i Sande er fem prosent i primærnæringane (2014). Gardane i kommunen er små og blir ofte drivne i kombinasjon med anna arbeid. Hovudvekta i jordbruket er lagd på husdyrhald, først og fremst storfe og sau. Fiskeflåten i Sande fører i land årleg ein fangst til ein førstehandsverdi av 42 millionar kroner (2013), men det meste blir ført i land utanfor kommunen.

Industrien, som samla utgjer 41 prosent av arbeidsplassane i kommunen, 47 prosent inkludert byggje- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning (2014), er sterkt knytt til sjønæringane. Av industrisysselsetjinga har verkstadindustrien heile 84 prosent (2013), i første rekkje bygging av skip og oljeplattformer, men også noko metallvareindustri. Elles finst der næringsmiddelindustri (mellom anna fisketilverking), gummi-, plast- og mineralsk industri (mellom anna kalksteinsbrot, kalkverk og betongvareindustri) og tekstilindustri med høvesvis åtte, fem og tre prosent av dei tilsette i industrien.

Turisttrafikken er relativt beskjeden samanlikna med Sunnmøre elles, men han er i vekst.

Sande har relativt beskjeden vasskraftproduksjon. Kommunen har eitt vasskraftverk, Gjerdsvika (i drift fra 1954), med ein årleg produksjon på 13,7 gigawattimer (gjennomsnitt 1993-2020). Kraftverket er eigd av Tussa Energi.

Sande har høg arbeidsplassdekning, 98 prosent i 2014. Likevel har kommunen stor utpendling. I 2014 hadde 32 prosent av dei yrkesaktive som er busette i Sande, arbeid utanfor kommunen. 20 prosent arbeidde i dei tre andre øykommunane på Søre Sunnmøre (Herøy, Ulstein og Hareid) og seks prosent på resten av Sunnmøre. Det er også stor innpendling til Sande, særleg frå Herøy, Ulstein og Hareid.

Samferdsel

Hovudvegen over Gurskøya er fylkesveg 61, som med bru fører over til Hareidlandet og vidare mot Ålesund via ferjesambandet Hareid–Sulesund. Sørover går fylkesveg via ferjesambandet Årvika–Koparneset til fastlandet, gjennom Vanylven og til Bryggja i Nordfjord.

Lokalt er det ferjesamband frå Larsnes til Åram på fastlandet, til Voksa (med brusamband til Sandsøy) og vidare til Kvamsøya.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Sande høyrer til Møre og Romsdal politidistrikt, Møre og Romsdal tingrett og Frostating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Sunnmøre regionråd saman med Fjord, Giske, Haram, Hareid, Herøy, Stranda, Sula, Sykkylven, Ulstein, Vanylven, Volda, Ørsta og Ålesund.

Sande kommune svarer til dei to sokna Gursken og Sande i Søre Sunnmøre prosti (Møre bispedøme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Sande til Søndmør fogderi (futedøme) i Romsdals amt.

Delområde og grunnkrinsar i Sande

For statistiske føremål er Sande kommune (per 2016) delt inn i to delområde med til saman ni grunnkrinsar:

  • Fastlandet: Kvamsøy, Voksa, Sandsøy
  • Gurskøy: Gjerdsvika, Haugsbygda, Vågen, Skredestranda, Larsnes, Hallebygda

Historikk og kultur

På Sandsøya ligg Dollsteinhola med steinalderbuplass. Også elles på øyane er det mange steinalderbuplassar. Sande kyrkje, som ligg på Sandsøya, er ei langkyrkje i tre, bygd i 1880, med særprega altertavle. På garden Sande ved kyrkja har det tidlegare vore ei stavkyrkje, som var nemnd allereie i 1329.

På Kongsvollen på Sandsøya blir det humoristiske, historiske skodespelet «Spelet om kong Arthur» spelt nesten årleg.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent 1987) har ei linebøye i sølv mot ein blå bakgrunn. Motivet symboliserer fiske, ei verksemd med lange tradisjonar i Sande.

Namnet er opphavleg eit gardsnamn på Sandsøya, Sande, av norrønt sandr, ‘sand’. Tidlegare heitte øya Dolzøy (1329), sjå Dollsteinhola.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Bjørlykke, Jakob M., Olav Liset, Bjarne Rabben: Soga om Sande og Rovde, ny utg., 1975–79, 5 b.
  • Myklebust, Olav, red.: Sandesoga, 3. utg., 1994–1997, 3 b., isbn 82-993290-0-0

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg