Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Faktaboks

Lauritz Bergendahl
Karl Lauritz Bergendahl
Fødd
30. januar 1887, Østre Bergendahl i Sørkedalen i Vestre Aker (no Oslo)
Død
15. april 1965, Nittedal, Akershus
Verke
Skiløpar og skogmeister
Familie

Foreldre: Gardbrukar Lars Nilsen Bergendahl (1842–1937) og Karine Michaelsen (1850–1926).

Gift 1914 med Thea Sævland (8.11.1887–18.4.1948), dotter av kjøpmann Halvor Tollefsen Sævland (1864–1923) og Helene Sævland (1865–1925).

Bilete av mann som går på langrennsski

Lauritz Bergendahl frå Sørkedalen, den første som blei kalla skikonge. Han var på topp i åra før den første verdskrigen. Biletet er teke under eit renn i Bödele i Austerrike i 1912.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Lauritz Bergendahl var ein norsk langrenns- og kombinertløpar. Han var den første skiløparen i Noreg som blei kalla «skikonge», med ti sigrar i Holmenkollrenna – meir enn nokon andre. Dette var datidas mest prestisjefylte skirenn og Bergendahl vann både kombinert og 50 km fem gonger (i 1910, 1912, 1913, 1914 og 1915 – i 1911 deltok han ikkje).

I kombinert vann han òg fire delsigrar i 18 km langrenn (1909, 1910, 1913, 1915), og han blei i 1915 tildelt Damenes pokal etter siger i hopprennet og tangering av bakkerekorden på 35 meter. Fleire av løpa vann han i utklassingsstil. I alt vann Bergendahl fire NM-gull: kombinert (1910, 1912) og 30 km (1909, 1912). Han representerte Noreg i utlandet og blei blant anna austerriksk meister i kombinert i 1912, tysk meister i 1913 og vinnar av spesielt hopprenn i Nordiska Spelen i 1913.

Bergendahl vann ti kongepokalar, derav to i Gråkallrennet i Trondheim, éin i Solbergrennet i Bærum og sju for kombinertsigrane sine i Holmenkollrenna og noregsmeisterskapen. Han blei tildelt Holmenkollmedaljen i 1910. Bergendahl representerte Sørkedalens IF.

Etter den aktive karrieren sin arbeidde han ein periode som leiar og administrator i Skiforbundet. Under opninga av vinter-OL i Oslo i 1952 bar han fakkelen inn til Bislett stadion på ski. Ein bauta med figurrelieff laga av Nic Schiøll blei reist ved Sørkedalen skule i 1977.

Lauritz Bergendahl var onkel til Lars Bergendahl.

Bakgrunn

Bergendahl var kjent som ein seig og viljesterk, men samtidig beskjeden og nesten audmjuk idrettsmann. I likskap med dei fleste andre i Sørkedalen var han på vinterstid skogsarbeidar — og skiløpar. Som ein av dei første dreiv han ei viss systematisk «trening» i tillegg til skiløpinga dei fleste skogskarane dreiv med. I heimemiljøet i Sørkedalen tok han også del i utvikling av skismøring og bindingstypar.

Han kom frå kår som var vanlege i skogsbygdene – kosten under skogsarbeid var steikt flesk, tørt brød og kaffi. Då han gjekk i mål i Holmenkollen i 1909, fekk han som 22-åring for første gong i livet anledning til å ta ein dusj i det nye badet der. Illustrerande nok hadde han med seg korkje skift eller håndkle.

Allsidig skiløpar

Som dei fleste norske skiløparane på den tida var han allsidig. Hoppferdigheitene gjorde han til ein ypparleg kombinertløpar. I 1915 vann han både 18 og 50 kilometer og Damenes pokal, i tillegg til kongepokalen i Holmenkollen. Det var likevel femmilsprestasjonane som gjorde Lauritz Bergendahl til «skikonge». I Holmenkollen vann han distansen fem gongar, som regel med solid margin til nestemann – i 1912 vann han med 17 minutt og i 1914 med over 22 minutt, medan han i avskjedsrennet i 1915 nøgde seg med 8 minutts sigersmargin.

Bergendahls aktive seniorkarriere var relativt kort. Samtidige observatørar og etterfølgande kronikørar har vore samde om at sigersrekka kunne ha vore lengre om han ikkje hadde hatt eit fire år langt konkurranseavbrekk frå 1905 til 1909 på grunn av si religiøse overbevisning, der motstand mot idrettskonkurransar om søndagen var eit sentralt punkt. Han var også borte frå skistemne vinteren 1911 på grunn av militærtjeneste.

Blanda resultat utanlands

Ein person overrekker OL-fakkelen til ein annan inne på ein idrettsstadion.
OL i Oslo i 1952: Den gamle skiveteranen Lauritz Bergendahl overleverer olympiafakkelen til Eigil Nansen ved opningsseremonien på Bislett stadion.
Foto av Lauritz Bergendahl og Eigil Nansen
NTB.

Datidas norske skiidrett var som regel konsentrert rundt heimlege konkurransar, med hovedlandsrenn og særleg Holmenkollen som dei største. Bergendahl rakk likevel også å bli austerriksk og tysk meister i kombinert i 1912–1913. Her fekk han dessutan tilnavnet «lokomotivet».

I rivaliserande nordiske naboland gjekk det ikkje fullt så bra. Ved dei Nordiske Lekene i Stockholm i 1913 handla det, i tråd med svensk-finsk tradisjon, om verkeleg lange langrenn – 90, 60 og 30 km – helst på flat mark utan «norske» utfordringar som sugande motbakkar og småkupert skogsterreng. Bergendahl deltok ikkje på 90 km, og på 60 km vart han slått med 30 minutt. Den sigrande finnen gjekk med 2,70 meter lange ski med tåstroppbindingar og svært høge stavar. Han stilte opp på femmila i Holmenkollen i 1915 med det same utstyret og vart då slått av Bergendahl med over 31 minutt.

Ein «typisk skiløpar»

Tre menn fotografert framom ei folkemengde
Førkrigstidas tre skikongar samla i Holmenkollen under hopprennet i 1934. Frå venstre Thorleif Haug, Johan Grøttumsbråten og Lauritz Bergendahl.
Foto av Haug, Grøttumsbråten og Bergendahl
Av /NTB.

Lauritz Bergendahl var på mange måtar typisk for datidas skiløparar: Dei kom frå skogen og drog – etter endt karriere – tilbake til skogen. Men i motsetning til ein del andre forsvann han ikkje heilt. Ved sida av sitt sivile yrke som skogmeister hos godseigar Løvenskiold i Nordmarka, tok han på seg tillitsverv i Noregs Skiforbund i 1930-åra. Den sterke posisjonen hans i Ski-Norge vart understreka av at han ved opninga av vinter-OL i Oslo i 1952 førte fakkelen (på ski) inn på Bislett stadion der opningsseremonien føregjekk.

Bergendahl døydde i april 1965 etter å ha blitt påkjørt av ein bil tre veker tidlegare. I 1977 avduka kong Olav 5. eit monument over Lauritz Bergendahl ved Sørkedalen skule.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • M. Goksøyr: Norsk biografisk leksikon 2
  • Å. Svahn (red.): Nordisk Familieboks Sport-Lexikon, bd.1–6, Stockholm 1938–46
  • Foreningen til Skiidrettens Fremme: Årbøker 1941, 1962, 1965, 1977
  • J. Vaage: Skikongen Lauritz Bergendahl, 1975

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg