Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Faktaboks

Nikolaj Judenitsj

Nikolaj Nikolajevitsj Judenitsj

engelsk transkripsjon Nikolai Yudenich; Nikolay Yudenich

Uttale
judˈenitsj
Fødd
30. juli 1862, Moskva, Russland
Død
5. oktober 1933, Saint-Laurent-du-Var, Frankrike
Nikolaj Judenitsj
Nikolaj Judenitsj
Av /𝒲.

Nikolaj Judenitsj var ein russisk general. Han var ein av leiarane for dei kvite (anti-revolusjonære) styrkane under den russiske borgarkrigen, i kjølvatnet av den russiske revolusjonen.

Judenitsj var ein suksessfull offiser på russisk side under den første verdskrigen, langs fronten i sør mot Det osmanske imperiet. Han var ingen tilhengar av det nye styret som blei sett inn etter februarrevolusjonen, og i august 1917 støtta han kuppforsøket til Lavr Kornilov.

I åra 1917-1919 levde Judenitsj i skjul, mellom anna i Finland. Med britisk støtte tok Judenitsj her ei aktiv rolle i å organisere militær motstand mot styret til bolsjevikane. Sommaren 1919 kom han til Estland, der den antibolsjevikiske Nordvestarméen no hadde base. I oktober same år gjorde denne armeen under leiing av Judenitsj eit forsøk på å erobre Petrograd, men dei kvite styrkane blei slått tilbake av Den raude armeen like utanfor byen. I januar 1920 blei Nordvestarmeen til Judenitsj oppløyst på territoriet til det nye sjølvstendige Estland, som no inngjekk ein fredsavtale med bolsjevikane. Judenitsj emigrerte vestover og slo seg til slutt ned i Frankrike.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg