Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Faktaboks

Etymologi
Norheimsund er laget av gårdsnavnet Norheim med førsteledd norrønt nor, ‘trangt sund’. Dette sikter til den smale strømmen mellom Movatnet og fjorden som gården ligger på nordsiden av
Innbyggjartal
4619 (SSB, 2023)
Landareal
3,9 km²
Tettstadsnummer
5143 Norheimsund

Norheimsund er ein tettstad i Kvam kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 3,9 km², og har 4619 innbyggjarar (2023).

Norheimsund er administrasjonssenter i Kvam kommune i Hardanger.

Tettstaden ligg på vestsida av Hardangerfjorden, rundt munningane av dei to elvane Steinsdalselva i vest og Øysteseelva i aust, og dessutan på halvøya mellom desse. Tettstaden Norheimsund utgjorde før 2019 to tettstader, høvesvis Norheimsund i vest og Øystese i aust. Seinare er dei to tettstadene definert som éin tettstad med namnet Norheimsund. Denne omfatter også Kaldestad i sør.

Begge dei to tidlegare tettstadene har variert småindustri, verkstads-, trevare- og næringsmiddelindustri i Norheimsund og særleg trevare- og møbelindustri i Øystese. Kvam vidaregåande skule har avdelingar i begge dei to tidlegare tettstadene.

Samferdsel

Gjennom tettstaden går Fylkesveg 79 langs Hardangerfjorden frå riksveg 13 (indre stamveg på Vestlandet) i Granvin til Norheimsund. Herfrå held vegen fram som fylkesveg 49 sørover langs Hardangerfjorden, og etter bilferje Tørvikbygd–Jondal kryssar han heile Folgefonnhalvøya via Jondalstunnelen (10,4 km) og Folgefonntunnelen (11,1 km) til Riksveg 13 i Odda. Frå Norheimsund går fylkesveg 49 òg vestover gjennom Steinsdalen og over Kvamskogen til Trengereid på E 16 aust for Bergen.

Turisttrafikk

Det er stor turisttrafikk og fleire hotell og overnattingsstader i Norheimsund. Øystese kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1868, medan Norheimsund kyrkje er ei moderne arbeidskyrkje frå 1992. Ved fylkesveg 49 nokre kilometer vest for Norheimsund er Steinsdalsfossen (Øvsthusfossen) i Steinsdalselvi; denne kan ein gå under utan å bli våt, og er ein attraksjon. Kvam bygdemuseum ligg i Øystese, likeins Ingebrigt Vik museum (skulpturmuseum); bilethoggaren Ingebrigt Vik var herfrå. I Norheimsund ligg Hardanger Fartøyvernsenter.

Kart

Norheimsund
Norheimsund
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg