Blant kommunane i Hardanger og Voss har (etter inndelingsendringane 2020) berre Voss eit større samla jordbruksareal enn Kvam. Jordbruket i Kvam er variert, med hovudvekt på husdyrhald og hagebruk. Viktigast i husdyrhaldet er mjølkeproduksjon og sauehald, med gode sauebeite i fjellet. Kvam er ei viktig fruktbygd (eple, pærer, plommer), og det blir òg dyrka ein del grønsaker, likeins bringebær og jordbær. Frukthagane ligg i hovudsak langs fjorden. I alt ni prosent av arbeidsplassane i Kvam er i primærnæringane (2023).
Industrien inkludert bergverksdrift/petroleumsutvinning utgjer vel 12 prosent av arbeidsplassane i Kvam (2023). Til samanlikning har Vestland fylke samla sett ein marginalt mindre del med 12 prosent i denne næringa. Industrien i Kvam er variert, men har likevel klare tyngdepunkt i primær jern- og metallindustri (ferrolegeringsverket Bjølvefossen ASA i Indre Ålvik) og verkstadindustri (mellom anna skipsverftet Fjellstrand AS i tettstaden Oma). Elles har kommunen mykje næringsmiddelindustri, mellom anna eit større meieri i Øystese (Tine meierier) og trevare- og møbelindustri, også denne for ein stor del i Øystese.
Store nedbørmengder og mange elvar og vatn i høgfjellsområda har saman med bratt fall mot fjorden gitt Kvam store vasskraftressursar. Ein vesentleg del av dette er utbygd i kraftverk utanfor kommunen (øvre del av Bergsdals- og Samnangervassdragene lengst nordvest og vest i kommunen). Vassdraga aust for Fyksesund er regulert og samla i det oppdemde Bjølsegrøvvatnet (879–850 moh.). Dette dannar magasin for Bjølvo kraftverki Indre Ålvik, det klart største vasskraftverket i kommunen og med ei fallhøgd på 870 meter. Dette forsyner hjørnesteinsbedrifta i Indre Ålvik med kraft.
Kvam har middels stor vasskraftproduksjon. Dei elleve vasskraftverka i kommunen produserer til saman 610 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Bjølvo (i drift fra 1918), som står for om lag tre fjerdedeler av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Tokagjelet (2022) og Kaldestad (1936). Statkraft Energi er hovudeigar av om lag tre fjerdedeler av vasskraftproduksjonen i kommunen. Nest største eigar er Tokagjelet med om lag ein tiandedel.
Den omfattande turisttrafikken har ført til etablering av mange hotell, pensjonat og turisthytter i kommunen, både ved fjorden (særleg Norheimsund og Øystese) og i fjellet (særleg Kvamskogen).
Av dei busette arbeidstakarane i Kvam har 22 prosent arbeid utanfor kommunen, åtte prosent i Bergen, tre prosent i Rogaland og til saman fem prosent i dei andre kommunane i Hardanger/Voss og Sunnhordland, inkludert Austevoll, Bjørnafjorden og Samnanger (2023).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.