Storegutprisen er ein norsk pris som blir delt ut kvart år til nokon som på ein positiv måte nyttar eit levande og ledig nynorsk. Prisen blei første gongen delt ut i 2002.
Juryen for Storegutprisen blir oppnemnd av medlemslaget Litteraturdagane og Nynorsk kultursentrum. Vinjesenteret er sekretariat for prisen.
Storegut, som eigentleg heitte Olav Olavson Edland, blei fødd på Edland i Telemark i 1764 og kom bort i fjellet sommaren 1791 medan han gjette buskapen. Etter at han forsvann, blei det fortalt mange soger om han og kva som kunne ha skjedd. Aasmund Olavsson Vinje skreiv om Storegut og faren i boka Storegut (1866, ny utgåve 1868), som er eit hovudverk i Vinjes dikting.
Prisvinnaren får ein statuett som skal førestille Storegut. Statuetten er laga av billedhuggeren Kjell Grette Christenson. Storegutprisen blir delt ut årleg på Edland under Litteraturdagane.
Kommentarar (1)
skreiv Petra Helgesen
Hei! Fin artikkel! Hugs å oppdatere med Guri Vesaas 2022.
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.