Tove Bakke
Faktaboks
- Fødd
- 19. desember 1954, Sande i Sunnfjord

Bakgrunn
Tove Bakke er utdanna cand.mag. med faga fransk, spansk og litteraturvitskap frå Universitetet i Oslo. Ho har arbeidd som litteraturkritikar, redigerte Kritikkjournalen (1984–1987) og arbeidde i Norsk kulturråd frå 1989.
Omsetjing og gjendikting
Bakke har omsett faktabøker, romanar, skodespel, diktsamlingar, sakprosabøker og barne- og ungdomsbøker. Dei fleste bøkene har ho omsett til nynorsk. Ho har omsett og gjendikta frå åtte språk: spansk, katalansk, fransk, portugisisk, dansk, svensk, islandsk og engelsk.
Den første omsetjinga hennar var Døden i Vesten (1977) av den franske historikaren Philippe Ariès. I si gjendikting av nobelprisvinnaren Gabriela Mistrals Vindblomen (La flor del aire) kombinerer Bakke høgstil og kvardagsspråk.
Ho blei nominert til Brageprisen (2009) for omsetjinga av Anna Gavaldas Lykka er ein sjeldan fugl.
Utmerkingar
- Bastianprisen for barne- og ungdomslitteratur 2003 for romanen Hund! Hund! av Daniel Pennac.
- Samlagsprisen i 2008 for diktsamlinga Alle skulle bli dronning (2007) av Gabriela Mistral.
- Kulturdepartementet sin omsetjarpris 2010 for Auroradagbøkene av Marie Desplechin.
- Som første omsetjar var Bakke festspeldiktar for Dei nynorske festspela i 2009.
- Rosettaprisen 2021 for beste sakprosaomsetjing for Emmanuel Carrères Riket.
- Det skjønnlitterære oversetterfonds pris 2022 for samla virke som omsetjar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.