Portugisisk er eit språk som høyrer til dei romanske språka i den indoeuropeiske språkfamilien. Saman med spansk, katalansk og galicisk høyrer portugisisk til den ibero-romanske språkgruppa. Portugisisk er førstespråket til over 178 millionar menneske og er det sjette største språket i verda. Over 163 millionar av dei som snakkar portugisisk, bur i Brasil, medan over 10 millionar bur i Portugal.
Portugisisk er offisielt språk i Angola, Aust-Timor (i tillegg til tetum), Brasil, Guinea-Bissau, Kapp Verde, Macau (ein del av Kina), Mosambik, Portugal og São Tomé og Príncipe.
Språket heiter português [poxtuˈɡeʃ] på portugisisk. Landa og områda der portugisisk er offisielt språk, heiter på portugisisk Angola [ãˈɡɔla], Timor-Leste [tʃimoˈlɛʃtʃi], Brasil [bɾaˈziw], Guiné-Bissau [ɡinebiˈsaw], Cabo Verde [kabuˈvexdʒi], Macau [maˈkaw] (ein del av República Popular da China), Moçambique [mosãˈbiki], Portugal [poxtuˈɡaw] og São Tomé e Príncipe [sãwtoˈme i ˈpɾĩsipi]. 'Portugisar' heiter portuguesa [poxtuˈɡeza] i hokjønn og português [poxtuˈɡeʃ] i hankjønn. 'Brasilianar' heiter brasileira [bɾaziˈlejɾa] i hokjønn og brasileiro [bɾaziˈlejɾu] i hankjønn.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.