Vikebladet Vestposten er ei norsk lokalavis i Ulsteinvik som kjem ut i papirformat to gonger i veka og som dagleg oppdatert nettavis. Vikebladet Vestposten er lokalavis for Hareidlandet på Sunnmøre, med Ulstein og Hareid kommunar som dekningsområde. Avisa er eigd av Polaris Media AS.
Vikebladet Vestposten
Faktaboks
- Offisielt namn
- VIKEBLADET VESTPOSTEN AS
- Organisasjonstype
- Aksjeselskap
- Forretningsadresse
- Ulsteinvik
- Dagleg leiar
- Linda Berit Eikrem
- Styreleiar
- Frank Emblem

Digitalt
Lokalavisa publiserer på ulike digitale flater. I 2000 byrja redaksjonen å lage nettavis. I 2016 blei det krevd betaling av ikkje-abonnentar som ville lese artiklar på nettet. Vikebladet Vestposten hadde i fjerde kvartal 2023 registrert i gjennomsnitt 8575 daglege lesarar på papir og nett, etter opplysningar frå Mediebedriftenes Landsforening.
Historie

I 1930 fekk avisa nytt tittelhovud. Bladstyraren Johs. H. Thorkildson (biletet) var så nøgd med det at han skreiv denne kommentaren: «Som vore lesere vil se presenterer «Vikebladet» sig idag med ny titel. Chlichèen til denne er en gave fra hr. arkitekt L.P. Flor, Ålesund, som selv har tegnet utkastet og fått det støpt ved Aktietrykkeriets Lithografiske anstalt, Trondhjem. Det er ikke mange blad som kan fremvise en så fullendt kunstnerisk utført titel som «Vikebladet» i sin nye skikkelse.»
21. januar 1929 kom det første nummeret av lokalavisa Vikebladet ut i Ulsteinvik. Utgivarar var Johs. H. Thorkildson og Erling Bjørnsen. Dei var boktrykkjarar og trykte avisa i sitt eige trykkjeri. Avisa kom ut ein gong i veka. Etter kort tid stod berre Thorkildson igjen som utgivar og bladstyrar. I opningsartikkelen heitte det at bladet skulle vere «upolitisk».
Det skulle ikkje støtte noko bestemt parti, men vere ope for ulike politiske syn, og ikkje minst for «innlegg om alt som kan vera til gagn på ein eller annan måte for bygderne». Elles ville utgivarane «melda om det som gjeng fyre seg både her i bygderne og i landet elles» og vere eit lysingsblad både for eigen kommune og for nabokommunane. Dette var ei tid då lokalavisene enno ikkje hadde begynt å spesialisere seg på det heilt lokale stoffet, men dekte både det lokale, det nasjonale og det internasjonale.
Avisa blei godt motteken – av både abonnentar, innsendarar og annonsørar. Fire år etter torde bladstyraren påstå at bladet blei lese av «størsteparten av folket i Ulsteinvik, Hareid og dei fleste nabobygdene».
Vikebladet kom ut under heile den tyske okkupasjonen. I 1977 blei avisa gjord til aksjeselskap, med spreidd eigarskap. Samtidig gjekk ho over til offset og til å kome ut to gonger i veka (frå 1987 tre gonger).
I nabobygda Hareid sende brørne Johan og Magne Grimstad ut nokre stensilerte prøvenummer av ei ny avis dei kalla H‑bladet i 1962. Avisa skifta deretter namn til Bygda og blei trykt som andre aviser, men varte berre til nyåret i 1963.
Hausten 1970 blei det gjort eit nytt forsøk, og brørne Ivar, Arne, Magne og Inge Grimstad sende ut eit prøvenummer av Vestposten til alle husstandane i Hareid kommune. Den nye avisa synte seg å ha livets rett, og ho var raskare ute enn konkurrenten til å nytte offset. Men avisa sleit med økonomien. I 1979 kom Sunnmøre Arbeideravis inn på eigarsida, men då denne avisa gjekk inn i 1985, overtok Sunnmørsposten aksjane.
I 1988 tok Hareid næringslag initiativ til samarbeid mellom dei to avisene på Hareidlandet, og det kom til tingingar. Sommaren 1989 kjøpte Vikebladet opp selskapet Vestposten AS, og i 1989 blei dei to avisene slått saman til lokalavisa Vikebladet Vestposten, som frå då av har vore lokalavisa for heile Hareidlandet, med kommunane Hareid og Ulstein.
Opplag
Opplagstall for Vikebladet Vestposten 1986-2023
tidspunkt | |
---|---|
1986 | 3466 |
1988 | 3508 |
1990 | 4520 |
1991 | 4524 |
1992 | 4674 |
1993 | 4675 |
1994 | 4634 |
1995 | 4690 |
1996 | 4722 |
1997 | 4861 |
1998 | 4890 |
1999 | 4996 |
2000 | 5000 |
2001 | 4936 |
2002 | 4782 |
2003 | 4796 |
2004 | 4765 |
2005 | 4609 |
2006 | 4597 |
2007 | 4628 |
2008 | 4504 |
2009 | 4444 |
2010 | 4421 |
2011 | 4392 |
2012 | 4313 |
2013 | 4119 |
2014 | 3966 |
2015 | 3796 |
2016 | 3768 |
2017 | 3660 |
2018 | 4117 |
2019 | 4263 |
2020 | 4244 |
2021 | 4494 |
2022 | 4576 |
2023 | 4639 |
År | Opplag |
---|---|
1932 | 1000 |
1979 | 2645 |
1990 | 4520 |
1998 | 4890 |
2008 | 4504 |
2010 | 4421 |
2012 | 4313 |
2016 | 3647 |
2017 | 3660 |
2018 | 3912 |
2019 | 4263 |
2020 | 4244 |
2022 | 4576 |
2023 | 4639 |
Til og med 2015 gjeld opplagstala for papiravisa. Frå 2020 nyttar ein netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement, ifølgje Mediebedriftenes Landsforening.
Fakta
- Vikebladet: første nr. 21.1.1929. Siste nr. 31.8.1989.
- Vestposten: prøvenummer hausten 1970, første ordinære nr. 22.1.1971.
- Vikebladet/Vestposten: første nr. 5.9.1989.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Faktaboks
- Sektorkode
- 2100 Private aksjeselskaper mv.
- Næringskode(r)
- 58.130 Utgivelse av aviser
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.