Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Faktaboks

Walter Scott

Sir Walter Scott

Fødd
15. august 1771, Edinburgh, Skottland
Død
21. september 1832, Abbotsford, Roxburgh, Skottland
Walter Scott, maleri fra 1844
.
Abbotsford
.

Walter Scott var ein skotsk diktar og romanforfattar, mest kjent for å ha gjort den historiske romanen svært populær med bøker som Waverly og Ivanhoe. Han var også ein utprega formidlar av skotsk kultur, historie og språk.

Jurist og baronett

Scott var son av ein jurist i Edinburgh, og blei sjølv utdanna i same fag. Han blei advokat i 1792, og i 1799 utnemnd til 'sheriff-depute' i Selkirkshire, ein jobb han hadde heile livet.

Han gifta seg med Charlotte Carpenter i 1797, og då han etter kvart tente godt på forfattarskapen, tok han til å bygge opp den storslåtte eigedommen Abbotsford frå 1811. Med sin staselege baronistil og rike innhald av bøker, kunst og antikvitetar passa huset til adelstittelen baronett som han fekk i 1820. Likevel hadde Scott lite hell med finansielle investeringar, og han vart i 1826 dradd inn i ein konkurs med gjeld i millionklassen. Han brukte sine siste år på å publisere så mange bøker som mogleg for å betale tilbake delar av gjelda.

Skotske segn og songer

Scott var alltid svært interessert i gamle segn og songer frå regionen Scottish Borders, og han memorerte og resiterte dei gjerne. Han var som ung inspirert av tyske romantiske dikt, som han også omsette litt av til engelsk. Han laga ei eiga samling av skotske ballader, Minstrelsy of the Scottish Border (1802–1803), som redda gammalt stoff fra gløymsle, og inspirerte seinare forsking. Samlinga gjorde Walter Scott sitt namn vel kjend og mykje beundra.

Diktaren

Scott si første forfattarkarriere var som poet, og eit av dei tidlegaste diktverka var The Lay of the Last Minstrel (1805). Dette er et langt epos etter modell av gamle, franske riddardikt, men henta emne frå skotske folketradisjonar. Lesarene likte godt dei skotske landskapa, den skotske tonen og den livlege handlinga i denne og seinare bøker som Marmion (1808) og The Lady of the Lake (1810), og dei selde godt. Scott var altså ein meister i lange, narrative verseromansar, heilt til han plusteleg skifta sjanger.

Anonyme romanar

Sir Walter Scott

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

I 1814 skreiv Scott ein roman som skulle vise seg å bli ein av dei store bestseljarane i litteraturhistoria, nemleg Waverly. Igjen brukte han skotsk materiale, og igjen blei han godt mottatt av lesarane. Sjølv om han gav ut denne og mange seinare romanar anonymt, var han alt kjent som poet, og det gjekk snart rykte om at Walter Scott var forfatteren bak.

Han var ikkje den einaste som kom med roman dette året, det gjorde også Jane Austen med Mansfield Park, men uten den same suksessen. Ho spøkte med at det var dårleg gjort av Scott å konkurrere i hennar sjanger:

«Walter Scott har ikkje noko med å skrive romanar, og spesielt ikkje gode – det er ikkje rettferdig. Han har status og inntekt nok som poet, og burde ikkje ta levebrødet frå andre folk.»

Men Scott heldt fram med å skrive ei lang rekke suksessromanar, og har i stor grad også æra for å ha utvikla den historiske romanen.

Den historiske romanen

Arbeidsrommet i Abbotsford
.

Den historiske romanen går føre seg i ei fortidig periode, og den fiktive handlinga tangerer gjerne kjende historiske hendingar og personar. Det er vanleg å hevde at Scott var den første som skreiv historiske romanar, men dette stemmer ikkje heilt. Alt fire år før Scott skreiv Jane Porter The Scottish Chiefs (1810), og seinare kom ho med fleire. Ho hadde eit kjent namn i samtida, og ho og familien var omgangsvenner med Scott i Edinburgh, så det kan vere snakk om gjensidig inspirasjon.

Likevel var det Scott som utvikla sjangeren til fulle og i stor breidde i historisk materiale, og bøkene hans hadde enorm utbreiing i lang tid, og inspirerte mange seinare forfattarar.

Mest kjende romanar

Bygd på skotsk historie:

  • Waverly (1814)
  • Guy Mannering (1815)
  • The Antiquary (1816)
  • Old Mortality (1816)
  • Rob Roy (1817)
  • The Heart of Midlothian (1818)
  • The Bride of Lammermoor (1819)

Bygd på engelsk historie:

  • Ivanhoe (1819)
  • The Monastery (1820)
  • Kenilworth (1821)
  • The Pirate (1822)

Anna historie:

  • Quentin Durward (1823, fransk)
  • The Talisman (1825, Palestina i korsfarartida)

Omsetting til norsk

Rebecca og den såra Ivanhoe
.

Walter Scott sine bøker er ofte blitt omsett til andre språk, og også i mange norske versjonar heilt sidan 1827. Sjølv om det her som andre stader er Ivanhoe som er mest populær, og som kjem i nye utgåver til ulike tider, er der også iallefall åtte andre romanar på norsk. Ein del av omsettingane er forkorta utgåver, særleg dei for yngre lesarar, medan den første serien frå 1827–1832 var store fleirbindsutgåver.

Anne of Geierstein

  • Anna von Geierstein: En romantisk Fortælling, 1831–1832, ved ukjent omsettar

Ivanhoe

  • 1827 ved Nils Femmer Berg
  • 1899 ved P.V. Grove
  • 1900 'gjenfortalt for børn af H. Raabe'
  • 1904 ved R.S. (Rasmus Steinsvik)
  • 1909 ved Clara Thue Ebbell
  • 1912-13 ved ukjent nynorsk omsettar
  • 1964 illustrert attforteljing for born ved Anne Margrete Konow Lund
  • 1966 ukjent omsettar
  • 1972 ved Ulf Gleditsch
  • 1979 ved Nancy Kobro
  • 1986 attfortalt av Dyre Hauge

Kenilworth

  • 1910 ved Clara Thue Ebbell
  • 1946 ved John Solheim

Quentin Durward

  • Quentin Durward, 1910 ved Clara Thue Ebbell
  • Den skotske bueskytter, 1940 ved Herbrand Lavik
  • Quentin Durward, 1952 ved Jacob Brinchmann
  • Bueskytteren, 1967 ved Leif Toklum

Rob Roy

  • 1965 Oddvar Nilsen

The Heart of Midlothian

  • Klokkene ringer for deg, 1949 ved Jens Øen

The Talisman

  • Talismanen, 1830, ved ukjent omsettar
  • Talismanen, 1913 til nynorsk ved Martha Steinsvik

The Pirate

  • Sørøveren, 1828-29 ved Henrik Herman Foss
  • Sjørøveren, 1902 ved ukjent omsettar

Woodstock: or The Cavalier

  • Woodstock eller Ridderen, 1827-28, ukjent omsettar

Filmatiseringar

Scott-monumentet i sentrum av Edinburgh
.

Det har vore laga mange Ivanhoe-versjonar for film og fjernsyn sidan den første stumfilmen i 1913. Til dømes spelte Roger Moore hovudrolla i ein TV-serie i 1958–1959, medan Robert Taylor var Ivanhoe i ein Oscar-nominert film i 1952. Her spelte Elizabeth Taylor og Joan Fontaine dei kvinnelige hovudrollene Rebecca og Rowena. Seinare har Ivanhoe vore tolka av Eric Flynn (1970, TV-serie), Anthony Andrews (1982, TV-film), Kris Holden-Ried (1995, TV-film), Stephen Waddington (1997, TV-serie) og Ben Pullen (TV-serien The Dark Knight, 2000).

Rob Roy har vore filma sidan stumfilmperiden, i 1911, 1913 og 1922. Disney sin versjon i 1953 hadde Richard Todd i hovudrolla, medan Liam Neeson var Rob Roy i 1995. I tillegg har det vore fjernsynsseriar i 1961 og 1977.

Også andre av Scott sine bøker har vore filmatisert, til dømes Quentin Durward (1910, 1912, 1955, 1971), Kenilworth (1909, 1957, 1967), The Heart of Midlothian (1914, 1966), Guy Mannering (1912).

The Bride of Lammermoor (1909, 1910, 1914, 1922) lever vidare på scene og film i Donizetti sin operette-versjon Lucia de Lammermoor (1835), som er delvis basert på Scott sin roman.

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Brown, David: Walter Scott and the historical imagination, 1979
  • Hill, Richard J., Picturing Scotland through the Waverly Novels: Walter Scott and the Origins of the Victorian Illustrated Novel, London: Routledge, 2016.
  • Johnson, Edgar: Sir Walter Scott : the great unknown, 1970, 2 b.
  • Kerr, James: Fiction against history: Scott as storyteller, 1989.
  • Lumsden, Alison, Walter Scott and the Limits of Language, Edinburgh University Press, 2010.
  • McColl, Robert Duncan, Stirring Age: Scott, Byron and the Historical Romance, Newcastle: Cambridge Scholars, 2015
  • Sutherland, John: The life of Walter Scott : a critical biography, 1995.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg