Bahuvrihi er i grammatikken ein type samansetning som viser til nokon eller noko ved å nemne ein typisk eigenskap, som når vi kallar ein person for eit bustehovud fordi vedkomande har eit hovud med bustete hår.
Ei bahuvrihi-samansetning kan også definerast som ei samansetning som er nytta metonymisk. Eit metonym er eit språkleg uttrykk som viser til noko ved å nemne ein del av det.
Fleire døme:
- gråbein – ulv, som har grå bein.
- bleikansikt – person med bleikt ansikt og lys hud.
- gullstrupe – person med «gullstrupe» eller vakker songstemme.
- raudstrupe – fugl med raud strupe, Erithacus rubecula
- raudveng – fugl med raud veng, Turdus iliacus, ein liten trostefugl
- klåfinger – person som er klåfingra.
- Langbein – namn på person med lange bein eller føter.
- bustehovud – person med bustete hår.
- fehovud – person med hovud som eit fe, det vil seie ein tåpeleg person.
- løgnhals – person med ein hals full av løgn, det vil seie person som er fæl til å ljuge.
- krokrygg – person med krokete rygg.
- raudstrømpe – kvinnesakskvinne. Eigentleg person med raude strømper.
- skitstøvel – dårleg, ekkel person. Eigentleg person med støvlar fulle av skit.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.