Barkrigging er typisk for seglskuter på 1800-talet, og vart konstruert av dei fleste større europeiske nasjonane, i tillegg til Nord-Amerika. Av dei tidlege dømene på barkrigging var HMS Endeavour, som James Cook nytta til den første ekspedisjonen i det sørlege Stillehavet på 1700-talet. Saman med utviklinga av verdshandelen og imperialismen på 1800-talet, økte etterspurnaden etter allsidige handelsskip, og dette var i stor grad barkrigga skuter.
Mindre nasjonar, som til dømes Noreg, kjøpte ofte seglskuter frå utlandet, helst barkrigga skip; sidan dei kunne gå med eit mindre mannskap. I andre tilfelle kjøpte norske reiarar fullriggarar frå utlandet, og rigga dei ned til barkar då dei kom til Noreg. Langs kysten av Sør-Noreg vart det i tillegg konstruert nokre norske barkar. Mot slutten av seglskutetida, då dei store nasjonane hadde gått over til damp, gikk Noreg framleis med eit stort tal barkrigga seglskuter i handelsfart.
Kjende barkrigga seglskip er blant anna RRS Discovery, nytta til ekspedisjonar i Antarktis med Ernest Shackleton og Robert F. Scott, James Cooks HMS Endeavour, Statsraad Lehmkuhl i Bergen, og Skomvær, som var den første norske barken bygd i stål.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.