Bronseeremitt er ein liten fugleart i kolibrifamilien og har naturleg utbreiing i Sør- og Mellom-Amerika.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Glaucis aeneus
- Beskriven av
- Lawrence, 1868
Som vaksen veg fuglen rundt sju gram.
Arten er knytt til fuktig tropisk skog, sterkt endra tropisk skog og fuktig tropisk buskmark. Bronseeremitt lever av nektar som han finn i skogen.
Hekking skjer tre gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 17 dagar. Ungane forlèt reiret om lag tre veker etter klekking.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.