Dvergdue er ein fugl i duefamilien og ein av dei minste duefuglane i verda. Arten har naturleg utbreiing i Sør-, Mellom- og Nord-Amerika.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Columbina minuta
- Beskriven av
- (Carl von Linné, 1766)
Som vaksen veg fuglen rundt 31 gram.
Arten er knytt til tørr og høgtliggjande tropisk buskmark, jordbruksland, tørr savanne, og tørr og overfløymd tropisk grasmark. Dvergdue lever av frø som han finn på bakken.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 13 dagar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.