Ergativ er ein kasus i eit såkalla ergativ/absolutiv-språk. I setningar med både subjekt og objekt markerer ergativ subjektet, mens kasusen absolutiv markerer objektet. I setningar utan objekt markerer absolutiv subjektet.
Til ergativ/absolutiv-språka er mellom anna grønlandsk, baskisk, kurdisk og mange australske språk.
Sidan kasusen ergativ berre blir brukt ved subjektet når setninga også har eit objekt, kan ein seie at ergativ berre blir nytta ved transitive verb, det vil seie verb som tar objekt. I setningar med eit intransitivt verb, det vil seie eit verb som ikkje tar objekt, har subjektet kasusen absolutiv.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.