Baskisk er eit språk som blir talt i regionen Baskarland i Frankrike og Spania. 600 000–800 000 har baskisk som førstespråk i Spania og kring 80 000 i Frankrike. Språkforskarane har ikkje greidd å påvise slektskap mellom baskisk og nokon andre språk i verda, og det blir rekna som eit språkisolat.
Det baskiske språkområdet omfattar dei fire spanske provinsane Araba, Bizkaia, Gipuzkoa og Nafarroa (kastiljansk Álava, Vizcaya, Guipúzcoa og Navarra) og dei tre franske provinsane Lapurdi, Nafarroa Beherea og Zuberoa (fransk Labourd, Basse-Navarre og Soule). Baskisk har status som offisielt regionalspråk i Den baskiske sjølvstyrte fellesskapen og i dei baskisktalande delane av provinsen Nafarroa – i tillegg til spansk (kastiljansk), som er offisielt språk i heile Spania. Den baskiske sjølvstyrte fellesskapen, skipa i 1979, omfattar provinsane Araba, Bizkaia og Gipuzkoa.
Det finst ei baskiskspråkleg presse, radio og TV, og baskisk har sin plass i undervisninga. Dei fleste baskarar snakkar i tillegg til morsmålet sitt anten fransk eller spansk.
Euskal Herria er det baskiske namnet på den kulturelt definerte regionen Baskarland, medan den politiske eininga Den baskiske sjølvstyrte fellesskapen heiter Euskal Autonomia Erkidegoa, eller kortare Euskadi. Det baskisk språket heiter euskara, medan euskaldun tyder 'baskar'. Espainia og Frantzia er namna på Spania og Frankrike.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.