Fuglevikke er ei fleirårig urt i vikkeslekta i erteblomfamilien. Planten blømer med blå til blåfiolette blomar i juni–august.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Vicia cracca
- Beskriven av
- Carl von Linné
- Raudlistestatus i Noreg
- LC – Livskraftig
Fuglevikke er ei fleirårig urt i vikkeslekta i erteblomfamilien. Planten blømer med blå til blåfiolette blomar i juni–august.
Arten blir mellom 20 til 80 centimeter lang, og har ein klatrande stengel. Blada er finnete og består av mellom 6 og 15 par finnar. I enden av blada er det ein greina klengjetråd. Blomane er blå til blåfiolette og einsymmetriske, med fane, venger og kjøl, typisk for blomar i erteblomfamilien. Blomane sit saman 10 til 40 stykke i ein einsidig klase.
Fuglevikke veks i eng, skog, hei, strandkantar og langs vegkantar over heile landet, opp til 1050 meter over havet.
Nivå | Vitenskapelig navn | Norsk navn |
---|---|---|
Rike | Plantae | planteriket |
Rekke | Magnoliophyta | blomsterplanter, dekkfrøingar, dekkfrøete planter |
Klasse | Eudicots | tofrøbladete planter |
Orden | Fabales | erteblomstordenen, erteblomordenen |
Familie | Fabaceae | erteblomstfamilien, erteblomfamilien |
Slekt | Vicia | vikkeslekta |
Art | Vicia cracca | fuglevikke |
Systematikken følger Artsdatabankens inndeling (2024).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.