Ein husmannsplass, ofte også omtalt berre som ein plass, var eit leigd jordstykke. Husmannen leigde husmannsplassen av ein bonde. Plassen hadde hus og tente oftast som opphaldsstad for ein familie med fleire medlemer. Dei første husmannsplassane blei etablerte på 1500-talet, og blei særleg mange frå midten av 1700-talet og fram til ikring 1850.
Det leigebruket som husmannsplassen utgjorde, var ikkje med i registeret over alle gardar eller gardsnummer i landet. Dette gardsregisteret, som også blir kalla matrikkelen, omfatta ikkje husmannsplass. Årsaka er at det leigde jordstykket til husmannsfamilien ikkje var skyldsett. Husmannsplassen bestod med andre ord av eit uregistrert eller umatrikulert stykke jord. Dette skilde seg frå gardsbruka, som alle saman stod oppførte i matrikkelen. Desse registrerte gardsbruka hadde ved innskrivinga i matrikkelen fått si eiga landskyld, også kalla matrikkelskyld.
Pliktarbeid var oftast ein del av leiga for husmannsplassen. Denne arbeidsplikta skulle utførast på garden eller gardsbruket plassen høyrde til. Pliktarbeidet bestod av nokre dagsverk i vinnene eller onnene: Vårvinna, slåtten og kornskurden. Det varierte kor mange dagar det kunne vera snakk om, men ofte utgjorde ikkje dei kontraktsfesta pliktdagane meir enn 1–3 dagar i kvar vinne. Pliktarbeidet kunne ofte vera fastsett i bestemte arbeidsytingar, som slåtteteigar, kornareal eller å gjerda inn plassen med stein eller anna vyrke.
Husmannsplassen hadde i regelen nokre rettar i utmarka til garden den låg på. Det galdt først rett til å få beita dyra som husmannsfamilien fødde på sjølve plassen. For det andre galdt det rett til å få ta brensel i utmarka eller frå torvmyrar på garden. Andre rettar enn desse to kunne også husmannsfolket få i gardsutmarka. Slike eksempel kan vera løyve til å få samla seg lauv, lyng, einer og skav.
Husa på husmannsplassane var oftast av same slaget som på gardsbruka: Bustadhus, løe, fjøs og kan hende eige eldhus eller andre uthus. Bustadhuset var ofte eigd av husmannsfamilien sjølv. Det same var også oftast tilfelle for uthusa.
Husmannsfamilien med kone, mann og born var altså busette i eige, felles hus på annan mann si jord. Plassen kunne like fullt høyra til på gardar eller gardsbruk der gardbrukaren anten var eigar sjølv, eller han var leigar av garden eller bruket sitt. Ein gardbrukar som ikkje eigde den matrikkelregistrerte jorda si, blei kalt leilending. Både leiglendingen og sjølveigaren kunne leiga bort og slik festa av jordarealet sitt vekk eigne jordstykke til husmenn.
Mange husmannsplassar blei gjennom åra skyldsette til eigne gardsbruk. Å skyldsetja ein husmannsplass betyr at plassen fekk eit verdimål etter storleik, jordkvalitet og plassering. Skyld har opphav i det gamle omgrepet landskyld. Desse mindre bruka utgjorde det som har blitt heitande småbruk.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.