Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Forsidene av to bøker: «Iliaden og Odysseen» av Homer og «Ulysses» av James Joyce
Intertekstualitet er det at tekstar kan vere indirekte kopla til kvarandre. James Joyces kjende roman Ulysses har mange intertekstuelle ekko av Homers epos Odysseen.
.

Intertekstualitet er indirekte koplingar mellom ulike tekstar. Tekstane kan vere skjønnlitterære forteljingar eller poesi, men det kan òg vere drama, bilde eller film. Direkte referansar, for eksempel ei lenke eller kjeldetilvising, er ikkje det same som intertekstualitet. Intertekstualitet kan likne på allusjon, men kan vere meir samansett enn ein allusjon gjerne er.

Faktaboks

Uttale
intertekstualitˈet

Eit eksempel på intertekstualitet er Jens Bjørneboes dikt «Ti bud til en ung mann som vil frem i verden». Denne tittelen speler på dei ti boda i Det gamle testamentet.

Ein tekst som ein annan tekst er kopla til gjennom intertekstualitet, kan ein kalle for ein intertekst. I eksempelet med Bjørneboe-diktet er det dei ti boda i Bibelen som er interteksten.

Intertekstualitet i vid og snever forstand

I snever forstand kan ein sjå på intertekstualitet som eit ekko av ein eller fleire andre spesifikke tekstar. I denne bruken av ordet heng intertekstualitet saman med lesarens eller tilskodarens tolking av ein tekst og kjennskap til andre tekstar.

I vid forstand viser intertekstualitet til at alle tekstar kan seiast å vere i dialog med andre tekstar.

Forfattaren og lesaren

Intertekstualitet kan vere tilsikta, det vil seie at forfattaren (eller kunstnaren) med vilje går inn for å spele på ein annan tekst. Dette kan ein kalle intendert intertekstualitet.

Andre gonger kan lesaren eller tilskodaren kople teksten til ein annan tekst utan at det er noko skaparen av teksten har intendert.

Viktige intertekstar

Tekstar som har ein viktig plass i kulturen, blir ofte intertekstar i nye tekstar. Bibelen er ei heilt sentral skriftsamling som fungerer som eit intertekstuelt reservoar for mange forfattarar. I tillegg er tekstane i Det nye testamentet intertekstuelt knytte til tekstane i Det gamle testamentet.

Den som les Jens Bjørneboes dikt «Ti bud til en mann som vil frem i verden», vil ha nytte av å kjenne dei ti boda i Bibelen. Bibelen er også ein sentral intertekst i forfattarskapen til for eksempel Karl Ove Knausgård.

Ofte inneheld ein tekst mange ulike intertekstuelle koplingar, der nokre gjerne er viktigare enn andre. I romanen Ulysses (1922) av den irske forfattaren James Joyce er det ekko av andre tekstar gjennom heile boka, men det er først og fremst koplinga til Odysseen som mange lesarar legg merke til. Dette viser at mange finn eit intertekstuelt ekko av Homers epos i Joyces roman.

Éin og same teksten kan ha ulike intertekstuelle ekko som spelar saman med kvarandre og gjensidig forsterkar kvarandre. For eksempel har den britiske forfattaren Joseph Conrads roman Mørkets hjerte (1899) intertekstuelle ekko av Dante Alighieris dikt Den guddomelege komedien (1321), men også av Vergils epos Æneiden (ca. 29–19 f.Kr.) og av britisk reiselitteratur.

Intertekstualitet har ikkje berre med innhald og tematikk å gjere, men også form og forteljemåte. Dette gjeld både i litteratur, film og andre kunstformer. Eksempel: Denis Villeneuves film Dune 2 (2024) kombinerer perspektiv og distanse på ein måte som er intertekstuelt knytt til den tyske regissøren Leni Riefenstahls dokumentarfilm Viljens triumf (1935). Og den amerikanske regissørens Francis Ford Coppolas nyskapande kombinasjon av lyd og bilde i filmen Apokalypse nå! (1979) har ekko av Conrads Mørkets hjerte.

Intertekstualitet som anerkjenning og som kritikk

Intertekstualitet kan vere eit uttrykk for inspirasjon og at ein ønskjer å slutte seg til eit tidlegare verk. Men det kan også markere motstand og kritikk.

Eksempel: Mange forfattarar og filmregissørar har laga bøker, filmar og TV-seriar med intertekstuelle koplingar til den britiske forfattaren Daniel Defoes roman Robinson Crusoe (1719), på ulike måtar. Medan mange av dei er optimistiske forteljingar om folk som klarer seg, brukar den britiske forfattaren William Golding i Fluenes herre (1954) fleire av dei same forteljegrepa, men han utformar romanen som ein kritikk av dei idylliske robinsonadane og av vestleg imperialisme.

Litteraturteori

Det var den bulgarsk-franske psykoanalytikaren, lingvisten og filosofen Julia Kristeva som lanserte omgrepet intertekstualitet – og då i vid forstand. Ho innførte omgrepet i essayet «Bakhtin, ordet, dialogen og romanen» (1967/1969). Her skreiv Kristeva at «einkvar tekst tar form som ein mosaikk av sitat, ein kvar tekst absorberer og transformerer andre tekstar».

Kristeva knytte intertekstualitet nært til den russiske litteraturforskaren og filosofen Mikhail Bakhtins teori om språkets dialogiske aspekt og om romanen som heteroglossia – eit kryssingpunkt for ulike språk og stemmer. For Bakhtin var romanen, og særleg Fjodor Dostojevskijs romanar, del av eit komplekst og dynamisk sosialt og språkleg felt der ord er relaterte til andre ord. Bakhtin meinte at idéane i ein roman som Dostojevskijs Forbrytelse og straff (1866)ikkje er eintydige, men fleirstemte, sidan dei bryt seg mot andres idéar og perspektiv.

Den snevrare tolkinga av omgrepet er knytt til den franske litteraturforskaren Gérard Genette (1982). Han ser intertekstualitet som tilknytingspunkt mellom tekstar slik desse viser seg gjennom indirekte referansar eller allusjonar.

Ulike måtar å sjå intertekstualitet på

Det er ein flytande overgang mellom den snevre og vide måten å forstå intertekstualitet på. I vid forstand blir omgrepet så ope at det kan inkludere enormt mange tekstar, og dermed kan det bli vanskeleg å bruke i tekstanalyse. Og i snever forstand kan intertekstualitet bli brukt så selektivt at viktige intertekstar kan bli ekskluderte eller oversett.

Intertekstar er delvis kulturelt bestemte, og faktorar som kjønn, klasse, etnisitet, erfaring, interesse og kunnskap (særleg om litteratur, bilde og film) spelar også inn.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bakhtin, M. M. The Dialogic Imagination: Four Essays (1982). Red. Michael Holquist. Austin: University of Texas Press.
  • Clayton, John (1992). Influence and Intertextuality in Literary History. Madison: University of Wisconsin Press.
  • Feder, Lillian (1955). «Marlow’s Descent into Hell». Nineteenth-Century Fiction, 9, 280–292.
  • Genette, Gérard (1982). Palimpsestes. La littérature au second degré. Paris: Seuil.
  • Kristeva, Julia (1969). Séméiôtiké. Recherche pur une sémanlyse. Paris: Seuil. Engelsk utgåve 1980: Desire in Language: A Semiotic Approach to Literature and Art. Oxford: Blackwell.
  • Lothe, Jakob (2001). «Cumulative Intertextuality in Heart of Darkness: Virgil, Dante, and Goethe’s Faust». I Gail Fincham og Attie de Lange (red.), Conrad at the Millennium: Modernism, Postmoderism, Postcolonialism, s. 177–196. New York: Columbia University Press.
  • Lothe, Jakob, Christian Refsum og Unni Solberg (2007). Litteraturvitenskapelig leksikon. 2. utg. Oslo: Kunnskapsforlaget.
  • Plett, Heinrich F. (red. 1991). Intertextuality. Berlin: De Gruyter.
  • Tysdahl, Bjørn (2003). James Joyce. Liv og diktning. Oslo: Cappelen.
  • Wilpert, Gero von (2001). Sachwörterbuch der Literatur. Stuttgart: Kröner Verlag.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg