Jordskiftelova er ei norsk lov om å endre og fastsetje eigedomsforhold. Ifølgje formålsregelen har lova i oppgåve «å leggje til rette for effektiv og rasjonell utnytting av fast eigedom og ressursar til beste for eigarane, rettshavarane og samfunnet». Jordskiftelova gjeld alle typar eigedom, både på landet og i byane, og omfattar jord- og skogbruksareal, bustadeigedommar, industriområde, parkeringsplassar, bryggjer og hyttetomter.
Faktaboks
- Fullt namn
- lov om fastsetjing og endring av eigedoms- og rettshøve på fast eigedom m.m.
- Kortnamn
- jordskiftelova
- Forkorting
- jskl
- Tredd i kraft
- 01.01.2016
- Lovdata-ID
- NL/lov/2013-06-21-100
Lova avløyste jordskiftelova av 1979. Hovudformålet med den nye lova var å lage ei ny moderne jordskiftelov som skulle bli enklare og lettare å forstå for brukarane av lova, då det er mange partar som sjølve prosederer for jordskifterettane. Utover språklege forbetringar, skil den nye lova betre mellom materielle reglar (kva retten kan ta avgjerd om), og prosessuelle reglar (korleis retten skal behandle sakene). Rettsmiddelordninga er også forbetra og forenkla.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.