Klagedue er ein middels stor duefugl i duefamilien og har naturleg utbreiing i Afrika sør for Sahara.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Streptopelia decipiens
- Beskriven av
- (Hartlaub & Finsch, 1870)
Som vaksen veg fuglen rundt 170 gram.
Arten er knytt til jordbruksland, dammar, tørr savanne, fuktig tropisk buskmark, og elvar og bekker. Klagedue lever av frø og virvellause dyr (invertebratar) som han finn på bakken.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 14 dagar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.