Pasjto, eller afghansk, er eit språk som høyrer til den iransk greina av den indoeuropeiske språkfamilien. Det er førstespråket til kring 20 millionar menneske i Pakistan, 8 millionar i Afghanistan, over 100 000 i Iran og nokre tusen i Tadsjikistan.
Afghanistan har to offisielle språk: dari og pasjto. Pakistan har engelsk som offisielt språk og urdu som nasjonalspråk, medan ein del andre språk har status som provinsspråk, mellom anna er pasjto provinsspråk i den nordvestlege grenseprovinsen.
Endonymet for språket er paʂto og for ein medlem av den etniske gruppa paʂtun 'pasjtun'. Pakistan og Afghanistan heiter høvesvis Pɑkistɑn og Afɣɑnistɑn. Hovudstaden i Afghanistan heiter Kɑbul.
Skrifta er den arabiske med nokre modifikasjonar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.