Samnorsk var eit tenkt framtidig skriftspråk bygd på sameining av bokmål og nynorsk. Gjennom det meste av 1900-talet var det offisiell norsk politikk å arbeide for å fremme og stimulere ei slik samanveksing, ikkje minst gjennom ein aktiv statleg normeringspolitikk for begge målformer.
Til å byrje med var samnorsk berre eit adjektiv med tydinga ’fellesnorsk’. Historikaren Ernst Sars og folkloristen Moltke Moe var mellom dei første som tok i bruk begrepet. Bakgrunnen var at det til da einerådande riksmålet (òg kalla «dansk-norsk») var utfordra av ei rørsle som arbeidde for Ivar Aasens landsmål som det framtidige norske målet. Kring 1900 var det vanlege synet at det eine språket måtte vinne over og fortrenge det andre. Sars og Moe og andre åtvara mot dette og hevda at begge språk- og kulturtradisjonane var umissande delar av den norske historia og kulturen som begge måtte dyrkast og på lang sikt vekse saman i «et samnorsk sprog, vokset op av de levende talemaal, byernes som bygdernes», som Moltke Moe uttrykte det i 1909.
Ei gjensidig tilnærming mellom dei to skriftspråka med tanke på ei (fjern) framtidig samanveksing var hovudmålsettinga for den offisielle norske språkpolitikken frå 1917-rettskrivinga av. Ordet samnorsk vart ikkje så mykje brukt i dei første tiåra av 1900-talet. Først etter 1945, da riksmålsrørsla voks fram som ei kraftig motstandsrørsle mot denne politikken, vart samnorsk eit sentralt ord i norsk språkstrid, og da med negativt forteikn. Riksmålstilhengarane brukte ordet som eit namn på det som elles vart kalla «radikalt bokmål» eller «bokmål med tilnærmingsformer», og ordet fekk ein skjellsordkarakter som prega ordskiftet og striden om språk i fleire tiår etter krigen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.