Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Faktaboks

Moltke Moe
Ingebret Moltke Moe
Fødd
19. juni 1859, Krødsherad, Buskerud
Død
15. desember 1913, Kristiania (nå Oslo)
Verke
Folklorist
Familie

Foreldre: Biskop og folkeminnesamlar Jørgen Engebretsen Moe (1813–1882) og Johanne Fredrikke Sophie Sørenssen (1833–1913).

Ugift.

Sonedotters son til Christian Sørenssen (1765–1845).

Moltke Moe

Moltke Moe samla frå 18-årsalderen folkeminne, særleg i Telemark.

Av .
Lisens: CC BY 2.0

Moltke Moe var ein norsk folklorist og språkforskar. Han var son til Jørgen Moe og grunnla universitetsstudiet folkloristikk i Noreg. Moltke Moe vert rekna som far til tanken om samnorsk.

Skuleutgåva og folkeutgåva av Norske folkeviser prega synet på folkevisa i Noreg for fleire tiår framover. Etter oppdrag frå Peter Christen Asbjørnsen førde han fornorskinga av eventyr- og segnutgåvene vidare og sikra dei status som folkebøker.

Bakgrunn

Ingebret Moltke Moe var fødd i Krødsherad i Buskerud og vaks opp der og i Vestre Aker ved Christiania. Han var son til folkeminnesamlaren Jørgen Moe. Etter examen artium i 1876 tok Moe fatt på teologistudiet, men var meir oppteken av folkeminne og religionshistorie og gav opp teologien. Faren kalla han heim for å diskutere framtida hans. Vi veit ikkje kva han tykte om at sonen oppgav teologien, men han forsvarte heile tida studiet av folkeminne som ein seriøs vitskap.

Moltke Moes minne og kunnskapar kan samanliknast med Peter Andreas Munchs, noko han demonstrerte alt som 19-åring då han skreiv siste delen av merknadene til Kristofer Jansons eventyr frå Sandeherad med nøyaktige sidetilvisingar etter minnet. Som gymnasiast vart han Peter Chr. Asbjørnsens medarbeidar, og overtok etter hans død ansvaret for nye utgåver av Asbjørnsen og Moes eventyr- og segnsamlingar.

Professorat

Ved universitetet la ein snart merke til Moe. Han hadde uvanlege evner til å koma i kontakt med folk og fekk stipend til lange innsamlingsreiser i Telemark i 1878 og 1880. Deretter reiste han med stipend frå Stortinget i åra 1882–1886 og 1889–1891, med rikt utbytte. Då Peter Christen Asbjørnsen og Jørgen Moe døydde, fekk han ansvaret for nye utgåver av folkeeventyra. Folke-eventyr frå Flatdal, etter Kjersti Haugland, og Folkeminne frå Bøherad, som begge kom posthumt, høyrer med til våre beste regionale folkeminnesamlingar.

Moe fullførde berre andreeksamen og skreiv ingen doktoravhandling. I 1880 vart det reist krav om eit professorat i «folkesproget». Etter at mellom andre Ivar Aasen hadde takka nei, vart Moltke Moe utnemnd i 1886, enno berre 26 år gamal, til professor i «norsk Folkesprog med Forpligtelse til ogsaa at foredrage norsk Folketradition». Han vart med det den første professoren i folkloristikk i Norden. Språkforskar var han ikkje, og så snart det kom eit eige professorat i landsmål, vart professoratet hans i 1899 endra til «folketraditioner og middelalderlig litteratur, derunder indbefattet den old-norsk-islandske».

Vitskapleg produksjon

Det var enorme forventningar til vitskapleg produksjon frå Moe, men det er fleire grunnar til at han publiserte så lite som han gjorde. Han brukte mykje tid på samtalar og brevveksling, stilte høge krav til eige arbeid og hadde motvilje mot å gi frå seg manuskript til prenting. Moe ville sjå ei sak frå mange sider, og sjølvkritikken synest å auka proporsjonalt med kunnskapane. Han var også plaga av sjukdom.

Største hindringa var at han mangla «vitskapleg egoisme», noko som fekk Arne Garborg til å gjera framlegg om «en Forening til Moltke Moes Beskyttelse». Mykje av det han skreiv var populærvitskaplege artiklar. Knut Liestøl samla det meste av den vitskaplege produksjonen i tre band i Samlede skrifter (1925–1927). Norsk Folkeminnelag gav ut Folkeminne frå Bøherad (1925) og Folkeeventyr frå Flatdal (1929).

I førelesingar utvikla han korleis fantasi og røyndom går i eitt i det han kalla «det mytiske tenkesett». Framstillinga var likevel forelda då arbeidet vart publisert i 1909. Det posthumt publiserte arbeidet om episke lover fekk heller ikkje noko å seia samanlikna med den danske folkeminneforskaren Axel Olriks arbeid, som var utgitt i mellomtida.

Moltke Moe
Moltke Moe i arbeidsrommet sitt heime i Fuglehauggata i Kristiania omkring 1910. På skrivebordet står portrett av Peter Chr. Asbjørnsen, faren Jørgen Moe, Sophus Bugge og Jacob Grimm.
Av /Oslo Museum.
Lisens: CC BY SA 2.0

Eventyr og folkeviser

I eventyrforskinga var han opptatt av sambandet med mytologien, seinare av kulturlån og vandringsvegar. Her publiserte han korte, men viktige artiklar som Hellenske og Norske folketraditioner, Æventyri paa vandring og kommentarar til einskildeventyr. Innleiinga til Just Knud Qvigstad og Georg Sandbergs Lappiske eventyr og folkesagn gav han internasjonalt ry. Eit av hans mest særmerkte arbeid er Eventyrlige sagn i vor ældre historie, som han nærmast dikterte til Amund Helland.

I folkeviseforsking gav han seg inn på grunnleggjande spørsmål om den nordiske balladens opphav og historie. Men først i 1912 publiserte han eit kort samandrag av teoriane sine i innleiinga til skuleutgåva Norske folkeviser fra middelalderen, redigert saman med Knut Liestøl.

Moes store draum om ei vitskapleg utgåve av norske balladar vart aldri realisert. Med hjelp av Sophus Bugge fekk han ut Torsvisa med fullt vitskapleg apparat som prøve. Saman med Bugge skreiv han også ein liten artikkel om Kungssonen av Norigsland.

Draumkvedet

Særleg mykje arbeidde han med studiet av folkeviser, aller mest med «Draumkvedet», som han freista å restituere ut frå dei versjonane som låg føre. Han samarbeida delvis med Hjalmar Falk om ei kommentert utgåve av Sólarljóð og Draumkvedet, men manuskript og sats strauk med i ein brann i trykkeriet. Seinare gav han ut teksten til Draumkvedet, men kommentaren vart aldri ferdig, berre artiklane Middelalderens visionsdigtning og Limbus puerorum. Det som kunne trykkjast av kommentaren, vart utgitt av Liestøl i Moes samla skrifter. Han gav, saman med eleven Knut Liestøl, ut Norske folkevisor fraa millomalderen (1912). Posthumt kom trebandsverket Norske folkeviso (1920–1924).

Påverkar

Like viktig som dei publiserte arbeida var den direkte påverknad Moltke Moe hadde ved lange brevsvar og samtalar med folk som dagleg kom til han for å søkje råd. Gerhard Gran karakteriserte han som eit tankebyrå og kulturelt sentrum. Dei store manuskriptsamlingane hans utgjer, saman med farens og Asbjørnsens samlingar, grunnstammen i Noregs folkloristiske nasjonalarkiv, Norsk folkeminnesamling.

Samnorsktanken

I målstriden såg Moe føre seg at riksmål og landsmål ein gong skulle flyte saman. Synet la han fram i Retskrivning og folkedannelse (1900), «Norsk og dansk sprogdrakt» (1906) og «Nationalitet og kultur» (1909). I «Nationalitet og kultur» skriv han: «Har De været i Gudbrandsdalen og set brævandet fra Otta strømme ut i Laagen? Saaledes maa ogsaa de to nærskyldte maalformer flyte sammen.» I denne artikkelen bruker han, som ein av dei første, ordet «samnorsk». Arne Garborg hadde tidlegare brukt ordet i ein artikkel i Fraa By og Bygd i 1877.

1907-reforma i riksmål

Moe var med i utgreiingsarbeidet som førte til 1907-reforma i riksmålet. Etter oppmoding frå departementet la Moe, Jonatan Aars og Simon W. Hofgaard våren 1898 fram utgreiinga Om en del retskrivings- og sprogspørsmål. Forslaget vekte strid, og forfattarane kom med eit tillegg hausten 1899. Debatten og arbeidet gjekk vidare i åra som kom, og i 1906 fekk Moe, Hjalmar Falk og Johan Nicolaisen i oppgåve å gå igjennom det endelege forslaget frå Marius Nygaard og Aars.

Andre engasjement og verv

Moe sat i styret for Det Norske Samlaget i 1889–1900, i redaksjonen for Syn og Segn i 1894–1900 og var ein av dei viktigaste medarbeidarane til Rolfsens lesebok, som kom med første bandet i 1892. Han var med og bygde opp Norsk Forfatterforening, som vart skipa i 1893, han var med og skipa Norsk folkemuseum i 1894, der han sat i styret til han døydde, og var med og grunnla det meir enn vaklevorne tidsskriftet Norvegia, som kom med eitt dobbeltband i perioden 1884–1908, der Johan Storm la fram den lydskrifta som seinare vart brukt i norsk målføreforsking.

Utgjevingar

Publiserte verk

  • Samlede skrifter, tre band, utgitt av Knut Liestøl, Instituttet for sammenlignende kulturforskning. Serie B 1, 6 og 9, 1925–1927
  • Torsvisen i sin norske form. Udg. med en afhandling om dens oprindelse og forhold til de andre nordiske former (sammen med S. Bugge), Festskrift til Hans Majestet Kong Oscar II ved Regjerings-Jubilæet den 18de September 1897 fra Det kongelige Frederiks Universitet, band 2:5, 1897
  • Folkeminne frå Bøherad, utgitt av Knut Liestøl, Norsk folkeminnelags skrifter 9, 1925
  • Folke-eventyr frå Flatdal, utgitt av Nils Lid, Norsk folkeminnelags skrifter 20, 1929

Skriftleg ikkje-publisert materiale

  • Moltke Moes folkloristiske samlingar (inkludert materiale til Moltke Moe frå andre samlarar), 117 nummer, i Norsk folkeminnesamling, UiO

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kvideland, Reimund: Norsk biografisk leksikon 2
  • Alver, Brynjulf (1971): Draumkvedet. Oslo
  • Bø, Gudleiv og Myhren, Magne (2002): Draumkvedet: Diktverket og teksthistoria. Oslo
  • Falk, Hjalmar (1914): «Moltke Moe: Et mindeord av Bymaalslagets formand», Maal og Minne.
  • Fløtra, Jorunn (1995): Moltke Moe som folklorist. Oslo
  • Hanto, Kristian Ihle (1986): Ideologiar i norsk målreising. Oslo
  • Liestøl, Knut (1949): Moltke Moe. Oslo
  • Lund, Randi (1996): «Sin fars sønn og vel så det». Apollon.
  • Moe, Moltke (1925–1927): Samlede skrifter. Oslo.

Faktaboks

Moltke Moe
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036392062127

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg