Satellittbilde er eit dataprodukt frå ein satellitt, laga av data frå ein optisk sensor, termisk sensor eller biletdannande radarinstrument i jordobservasjonssatellitter.
Bileta kan anten vere fargekoda eller i svart/kvitt. Bilete med naturlege fargar er tradisjonelt sjeldan brukt. For å få fram mest mogeleg informasjon brukar ein ofte eit nøye utval av falske farge-kombinasjonar. Dette gjeld spesielt når ein vil tolke multispektrale eller hyperspektrale data, eller radarbilete basert på ulike polarisasjonskombinasjonar og/eller ulike radarband.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.