Jordobservasjonsdata har svært mange daglegdagse bruksområde. Satellittdata gjev oss ny og verdifull informasjon om lokale, regionale og globale tilhøve. Delar av miljøet på jorda er svært sårbart og det skjer stadige forandringar. Nokre forandringar er naturlege, andre er menneskeskapte.
Data frå jordobservasjonssatellittar er viktige informasjonskjelder for å overvake naturkatastrofar som skogbrannar, vulkanutbrot, flaum, ras, jordskjelv og tsunamiar, i tillegg til andre konsekvensar av menneskeleg aktivitet. Til dømes kan vi finne ut korleis avskoging og forureining verkar inn på natur, miljø og klima. Data frå ulike jordobservasjonsinstrument kan brukast til å observere vêrsystem og dermed lage betre vêrmeldingar, det kan brukast til å kartlegge ressursar – slik som avskoging av regnskog, tilstand på landbruksareal, ressursar i havet, klimatiske parameter slik som hav- og isnivå, landheving/landsenking og andre rørsler i jordskorpa som overvaking av rasutsette område.
Bruk av data frå slike satellittar er aukande, og hjelp oss til å forstå globale prosessar i naturen på ein betre måte. Ein kan bruke data i forvaltning for å få betre oversikt over naturressursar og for å overvake endringar i landskap, vegetasjon og havområde. Også atmosfæra, gravitasjonsfeltet, magnetfeltet og magnetosfæra kan overvakast. Vi kan måle ozonlaget, skaffe data som viser trender for global oppvarming, reduksjon av isbrear og polaris med meir. Dette viser også at vi blir meir avhengig av eit internasjonalt samarbeid for felles regionale og globale løysingar. EU og ESA sitt Copernicusprogram er eit ledd i dette, som ei svært viktig datakjelde.
Dei første jordobservasjonssatellittane var stort sett utrusta med anten optiske sensorar som multispektrale kamera eller avbildande radarinstrument ( Synthetic Aperture Radar , SAR). Fotografisk film har vore lite nytta, utover til dømes amerikanske militære spionsatellittar på 1960- og 1970-talet.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.