Fjernmåling er eit uttrykk brukt om innsamling av informasjon der ein ikkje er i fysisk kontakt med objektet eller miljøet ein måler. Fjernmåling er ofte nytta om innsamling av data ved bruk av kamera eller radarsystem frå fly, droner eller satellittar. Utforsking av verdsrommet med teleskop er også fjernmåling. Ein brukar fjernmåling til jordobservasjon med jordobservasjonssatellittar for å overvake og lære meir om miljøet på jorda.
Oftast får ein informasjon om objektet ein ynskjer å undersøkje ved å studere ulike delar av det elektromagnetiske spekteret, men fjernmåling kan også gjerast ved hjelp av ulike akustiske bølgjer; slik som å «avlytte» jordskorpa på jakt etter jordskjelv eller ved å bruke ein sonar til å kartlegge havbotnen.
Innanfor jordobservasjon kan ein bruke fjernmåling til å kartlegge ei mengd miljøparametrar, slik som forureining i luft, vatn og hav, bølgjehøgde og temperatur på havoverflata, ulike ressursar i jordskorpa, slik som mineral, jordsmonn og vegetasjon eller innhaldet av vatn i jord og snø.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.