Skiferfalk er ein liten rovfugl i falkefamilien og har naturleg utbreiing i Afrika sør for Sahara.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Falco ardosiaceus
- Beskriven av
- Vieillot, 1823
Som vaksen er fuglen ca. 30 cm lang og veg rundt 240 gram.
Arten er knytt til tørr savanne, jordbruksland og tørr tropisk grasmark. Skiferfalk er ein jegar som lever av små varmblodige dyr og virvellause dyr (invertebratar) som han fangar på bakken og i skogen.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fire egg som blir ruga ut i løpet av ca. 28 dagar. Reira blir bygd i hôlrom. Ungane forlèt reiret om lag fire veker etter klekking.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.