Spragledue er ein stor duefugl i duefamilien og har naturleg utbreiing i Afrika sør for Sahara.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Columba guinea
- Beskriven av
- (Carl von Linné, 1758)
Som vaksen veg fuglen rundt 330 gram.
Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna tørr savanne, jordbruksland, urbane område, tørr tropisk buskmark og tørr tropisk grasmark. Spragledue lever av frø som han finn på bakken.
Hekking skjer tre gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 16 dagar. Ungane forlèt reiret om lag tre veker etter klekking.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.