Stempelavgift var ei avgift til staten som blei kravd inn på en særskild måte. Det kunne vere ved bruk av stempelpapir eller lause stempelmerke, stempling av ei vare eller ved å klistre særskilde merke eller banderolar på varen (eller fakturaen). Stempelavgifta blei avløyst i 1975 av ei dokumentavgift utan bruk av stempelmerke, gjennom lov av 12. desember 1975 om dokumentavgift.
Kravet frå Storbritannia om at dei amerikanske koloniane måtte betale stempelavgift (sjå Stempellova), var ein av dei utløysande årsakane til den amerikanske revolusjonskrigen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.