Wienerbrød er eit søtt bakverk av gjærheva tertedeig eller butterdeig. Wienerbrøda kan formast, fyllast og pyntast på ulike måtar. Eggekrem eller syltetøy er vanleg fyll.
Faktaboks
- Uttale
-
vi:nerbrød
Wienerbrød blir laga ved å kjevle ut ein deig laga av mjøl, mjølk, egg, sukker og av og til kardemomme. Deretter legg ein smør eller anna feitt på deigen. Laga blir lagde oppå kvarandre og kjevla vidare. Det er vanleg å leggje tre lag oppå kvarandre tre gonger, slik at det til saman blir 27 feittlag. Ofte kjøler ein ned deigen ned for å gjere den lettare å handtere. Resultatet blir eit smøraktig, lagdelt bakverk.
Retten stammar delvis frå Wien og delvis Danmark. Etter det som blir sagt, var ein dansk bakar i Wien i 1843, der han smakte wienerske croissantar. Bakaren utvikla croissanten ved å leggje til fyll. Det norske namnet viser til Wien, men i Austerrike heiter bakverket Kopenhagener (Gebäck) «(Bakverk) frå København» og på engelsk Danish pastry «dansk bakverk».
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.