Reykjavík er Islands hovudstad og ligg på halvøya Seltjarnarnes innerst i bukta Faxaflói. Reykjavík ligg i golde omgjevnader med storslegen utsikt til fjella omkring. Byen er Islands økonomiske og kulturelle senter.
Næringsliv
Tenesteytande næringar og industri sysselset størstedelen av byens innbyggarar. Av industri er det særleg verksemd knytt til fiske som ruvar. Dette gjeld blant anna fiskeforedling, fryseri, fiskehermetikk- og fiskeoljeproduksjon. Elles finst grafisk industri, verkstad-, tekstil- og konfeksjonsindustri. I omlandet er det produksjon av kunstgjødsel og aluminium.
Reiseliv er den næringa som aukar mest på Island; og Reykjavik er landets største turistmagnet og inngangsport til alle dei andre reisemåla. Mange som vitjar øya er turistar som kombinerer ei mellomlanding på Island med ei reise mellom USA og Europa. Auken har også ei bakside; turistane meiner sjølv at det er for mange turistar. Dessutan har svart arbeid breidd seg, hovudsakleg med billig arbeidskraft frå Aust-Europa.
Samferdsel
Reykjavík er navet i all innanlands transport, med landets største og viktigaste hamn. Islands nest største lufthamn (Vatnsmýri) ligger i Reykjavík og står for innanrikstrafikk og ruter til Grønland og Færøyane, mens størstedelen av den internasjonale trafikken går over Keflavík om lag 40 kilometer sørvest for byen.
Fram til Reykjavík hamn blei bygd ut i åra 1913–1917 var byen utan hamn. Da måtte større fartøy ankre opp utanfor byen og lasten førast i land med mindre båtar. I 1968 blei nytt hamneanlegg med containerterminal tatt i bruk i Sundahöfn aust for bysentrum, mens Reykjavík hamn i dag mest blir brukt av trålarar og kystvakta. Herifrå går bilferje til Akranes.
Kollektivtransporten er godt utbygd, Hlemmur og Lækjartorg er dei viktigaste bussterminalane.
Offentlege institusjonar og bygg
I Reykjavík ligg Alltinget (Alþingi), som rommar parlamentet, Arnarhvóll med regjeringskontor og universitetet (Háskóli Íslands), som blei grunnlagt i 1911. Islands nasjonalmuseum, nasjonalbibliotek, nasjonalteater, i tillegg til kunstmusea på Kjarvalsstađir, Hafnarhus og Ásmundarsafn ligg også her. Kultursenteret Nordens Hus blei innvigd i 1968. Den norske ambassaden på Island ligg i Reykjavík.
Ved hamna ligg konserthuset og konferansesenteret Harpa, der Islands symfoniorkester og den islandske operaen held til. Harpa opna i 2011.
Höfði er best kjent for toppmøtet i 1986 mellom presidentane Ronald Reagan og Mikhail Gorbatsjov. Det var fyrst den franske konsulentens hus på Island, men er i dag eigd av Reykjavik by og blir brukt til offisielle mottakingar og møte. Segna fortel at det også husar ein attergangar, den kvite dama.
Reykjavík var europeisk kulturby i år 2000.
Bybeskrivelse
Sentralt i byen ligg det vesle tjernet Tjörnin, som på grunn av det varme vatnet delvis er isfritt om vinteren. På nordvestbreidda av tjernet ligg byens rådhus frå 1992 som er bygd slik at arkitektur og natur speler saman og trekker fuglelivet inn i byen. Her ligg også turistinformasjonen i Reykjavik. Like ved ligg Alþingi, oppført i 1881, og domkyrkja frå midten av 1800-talet.
Byen er ikkje allstad tettbygd; det er mest av småhus, men ein finn også blokker, helst i betong. Dei fleste husa blir varma opp med vatn frå varme kjelder, dels frå Reykir 16 kilometer unna, dels frå borehol i Reykjavík.
Regjeringsbygningar, nasjonalbiblioteket og nasjonalteateret ligg omtrent på staden for den første busetnaden. På ei høgde sørvest for sentrum ligg Hallgrimskjyrkja, Islands største kyrkje, med særprega arkitektur. Framfor kyrkja står Leiv Eiriksson-monumentet, ei gåve frå USA. Sørvest for Tjörnin ligg Islands universitet (Háskóli Íslands) og Nordens Hus. Presidenten bur på Bessastaðir like utanfor byen.
Det gamle hamneområdet, der kulturhuset Harpa ligg, er eit fargerikt og stadig meir populært bustadområde der ulike marine aktivitetar, som kvalsafari, er samla. Her ligg også Víkin maritime museum.
Öskjuhlíð er eit vakkert skogsområde rundt det geologiske museet Perlan, som er eit av Reykjaviks mest synlege landemerke. Området ligg midt i byen og er eit populært rekreasjonsområde med eit nettverk av turstiar.
Historie
Reykjavík har namnet sitt etter dei varme kjeldene i Laugardal. Den første som bygde og budde i Reykjavík var Islands første landnåmsmann, Ingolf Arnasson. Han reiste garden sin der høgsetestolpane hans dreiv i land. Etter Landnåmabok skal dette ha skjedd i 874.
Fram til midten av 1700-talet var Reykjavík berre ein storgard, men i 1750-åra blei det oppretta ein ullvarefabrikk på garden. Staden blei snart eit sentrum for fiske og handel, og fekk kjøpstadsrett i 1786. I 1801 hadde byen ennå berre 307 innbyggarar.
Sidan 1843 har Alltinget hatt setet sitt i Reykjavík, og etter at Island mot slutten av hundreåret fekk sin eigen fiskeflåte, voks byen snøgt. I 1904 blei Reykjavík sete for det første islandske sjølvstyret.
Kommentarar (2)
skreiv Atle Grebstad Eliassern
svarte Roger Pihl
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.