Oretre har grå bork. Store svartortre har mørk, nesten svart, bork med sprekkar nedst. Gråor har ofte grå bork utan sprekkar. Namna på artane kjem av fargen på borken.
Blada er eggforma. Kantane på blada er taggete som ei sag. Blada har tydelege nervar som går frå stilken i midten av bladet og ut mot sidene, helt til kanten. Ein kan sjå dei som lysegrøne streker i bladet. Blada til gråor er spisse i enden. Blada til svartor går ofte litt innover i enden.
Blomane er veldig små og sit mange saman på rekkje. Samlingane av blomar blir kalla raklar. Kvart tre har både hannblomar og hoblomar. Raklane med hannblomar heng under kvistene slik at pollenet lett blir spreidd med vinden. Raklane med hoblomar er mykje mindre og heng ikkje ned. Slik unngår treet at pollen frå eigne hannblomar landar på eigne hoblomar.
Etter befruktning blir horaklane til runde frukter. Fruktene blir kalla orekongler, men er annleis enn kongler som gran og furu har. Orekonglene er fyrst grøne. Dei modne orekonglene er svarte og sprekk opp.
Inni orekonglene finst frøa. Desse frøa har eit tørt skal rundt seg og er difor nøtter. Nøttene veg lite og har to flate venger på kvar side av frøet. Dei lette frøa kan blåse langt av garde med vinden. Slik spreier ora seg til nye område.