Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Helse er eit mangetydig omgrep som i folkeleg språkbruk gjerne vert nytta som motsatsen til sjukdom.

Denne bruken av omgrepet er lite tenleg i helsefaglege samanhengar. Motsatsen til å vere sjuk er å vere frisk. Med dette som utgangspunkt handlar helse om føresetnadene for å halde seg frisk og for å unngå å bli sjuk.

Definisjonen til Verdas helseorganisasjon

Verdas helseorganisasjon (WHO) definerer helse som «ein tilstand av fullstendig fysisk, mentalt og sosialt velvære og ikkje berre fråvær av sjukdom og lyte». Denne definisjonen vert ofte kritisert fordi den gjer alle menneske sjuke. Det kan nok vera riktig dersom definisjonen blir tolka gjennom den folkelege oppfatninga av omgrepet helse. Definisjonen er òg vanskeleg å bruke som programerklæring for arbeidet i helsetenesta. Til det kan definisjonen vere for omfattande og ambisiøs.

Helse og helsetenesta

Helsetenesta, slik vi kjenner dei diagnostiske og kurative tenestene, behandlar sjuke menneske, slik det svenske omgrepet for helseteneste sjukvård leier tankane til. Helsetenesta har nemleg som fremste mål å gjere sjuke menneske friske. Føremålet med helsedefinisjonen til WHO er langt vidare enn det å gi helsetenesta eit mål for arbeidet. Deira helseomgrep skal gjere det synleg at føresetnadene for fråvær av sjukdom ikkje er avgrensa til verksemda for helsetenestene. Innsats på andre samfunnssektorar tyder mykje for om folk blir sjuke eller friske. Mange legg til grunn at helsetenesta gjennom eigen innsats berre kan førebyggje eller behandle ti prosent av all sjukdom. Helsedefinisjonen til WHO skal vera ei rettesnor for helsearbeidet. Definisjonen skal sikre at samfunnet som heilskap arbeider for at menneska får slike levekår og livsvilkår, at sannsynet for utvikling av sjukdom blir redusert så mykje som mogeleg.

Samfunnsretta helsearbeid

Eksempel på samfunnsretta arbeid i tråd med helsedefinisjonen til WHO er tiltak for å redusere bruken av rusmiddel, for å betre ernæringa, for å auke tryggleiken i trafikken, og for å sikre hygienisk forsvarleg vassforsyning. På alle desse områda har innsats på andre samfunnssektorarar større verknad, enn einsidige tiltak frå helsetenestene.

Kritikk av WHO-definisjonen

Kritikarane av helsedefinisjonen til WHO definerer gjerne helse som evna til å leve med krava til kvardagen. Denne tilnærmingsmåten gir eit godt inntrykk av kva helse er for kvart enkelt menneske, men gir lita eller inga rettleiing for innsats mot grupper eller samfunnet som heilskap. Helsetilstanden til enkeltmenneske og grupper av menneske blir påverka av svært mange ulike faktorar.

I nyare teoriar om helsa til enkeltpersonar vert det lagt vekt på evna til å ta stilling til dei sprikande krava og mangslungne påverknadene mennesket vert utsett for gjennom livet. Den israelsk-amerikanske Aaron Antonovsky (1923–1994) har omtalt sense of coherence (‘oppleving av samanheng’) som eit sett med eigenskapar som er helsefremjande og reduserer risiko for sjukdom. Sentrale element i dette er evna til å forstå, forklare og setje ord på dei inntrykka og påkjenningane mennesket vert utsett for, høva ein har for å handtere desse, og den meininga med livet mennesket er i stand til å mobilisere.

I førebyggjande medisin bør det derfor vere eit mål å alltid medverke til at kvart einskild menneske får styrka forståinga av sin situasjon, og får råd til å sjølv påverke denne situasjonen.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar (2)

skreiv tobias sivertsen

Fint om det kan lages en slik tekst på bokmål også❤

svarte Halvard Hiis

Hei, Tobias. I Store norske leksikon har vi artikler på begge de norske språkene for å speile hele landet. Du kan lese mer om nynorsk i SNL i blogginnlegget vårt her: https://blogg.snl.no/2021/10-000-nynorskartiklar-i-snl/ Vennlig hilsen Halvard i redaksjonen

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg