I internasjonal samanheng blir folkehelsearbeid definert som bruk av vitskap og erfaring for å førebyggje sjukdom, forlengje livet og fremje helse, ved organisert arbeid i samfunnet, offentlege og private organisasjonar, forsamlingar og enkeltindivid. Resultata av dette arbeidet, altså helsetilstanden til befolkninga, blir skildra indirekte, gjennom eit omfattande sett av indikatorar for helsetilstand, helseproblem og andre forhold som påverkar helsetilstanden. Dei mest objektive og allment aksepterte kriteria for vurdering av folkehelsa er knytte til tal for dødelegheit, sjukelegheit, livskvalitet og forbruk av helsetenester og trygdeytingar.
Det er stor skilnad på kor god oversikt ulike land har på dette. I Noreg har ein, i tillegg til dødsårsakstatistikken, ei rekkje sjukdomsregister og gjentekne levekårsundersøkingar, i regi av Statistisk sentralbyrå (sjå helsestatistikk).
Dødsårsakstatistikken speglar berre den alvorlegaste sjukelegheita i befolkninga. Sjølv i denne statistikken er det mange feilkjelder, mellom anna som følgje av at få blir obduserte. Obduksjon er ein sentral metode for å avdekkje dødsårsak. Samtidig finst det i dag fleire omfattande sjukdomsregister for somme tilstandar, som kreft, infeksjonssjukdommar og hjarte- og karsjukdommar. I tillegg er det etablert medisinske kvalitetsregister med informasjon om behandlingskvalitet, som kan bidra til å forbetre helsetenesta for store sjukdomsgrupper. I Noreg er det dessutan etablert ei rekkje befolkningsbaserte undersøkingar som gjev moglegheit til å studere førekomst og risiko for fleire større folkehelseproblem. Nokre av desse er samla under nemninga Landsomfattende helseundersøkingar (LHU). Andre helseundersøkingar frå ulike delar av landet inngår i Cohort of Norway (CONOR).
Oversikta over folkehelsa byggjer dermed i stor grad på enkeltundersøkingar og kartleggingar av avgrensa sjukdommar og risikofaktorar. Overvaking av folkehelsa er ei av dei viktigaste oppgåvene til helsestyresmaktene. I 1996 la helseministeren den første folkehelserapporten i Noreg fram for Stortinget. Helsedirektoratet har som oppgåve å følgje med på utviklinga i folkehelsa. I juni 2006 la direktoratet for første gong fram ei samla oversikt over utviklingstrekka i helse- og sosialsektoren. Hovudbodskapane i denne oversikta var at me må auke innsatsen for å redusere skilnadene i helse og levekår, førebu oss på store endringar i befolkningssamansetninga, med langt fleire eldre, og dessutan utvikle verktøy og evne til å prioritere betre, slik at me kan hauste ytterlegare gevinstar i helse og levekår. Den så langt siste stortingsmeldinga om folkehelse er frå 2018–2019.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.